Hammersmith & City-linja
| Linjer i London Underground |
||||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||||
Hammersmith & City-linja er ei linje i London Underground. Den var ein del av Metropolitan-linja inntil 1988, då den blei skilt ut som ei sjølvstendig linje. Hammersmith & City er markert med rosa farge på undergrunnskartet.
I dei siste åra før 1988 blei den i aukande grad administrert som ei eigen linje. Seksjonar som ikkje blei brukt av resten av Metropolitan-linja var ikkje markert på kartet, noko som skapte vanskar for passasjerane. Dette gjaldt strekninga frå Hammersmith til Baker Street, og frå Liverpool Street til Barking. Det blei avgjort å skilje linja ut for å gjere det meir oversiktleg for passasjerane.
Ettersom opprettinga av linja skjedde såpass nyleg er det fleire stasjoner på linja som pr. 2005 framleis er markert som om det var Metropolitan-linja som gjekk der; årsaka til dette er at mykje av markeringane består av fliser i fargen til linja på veggane og permanente skilt. Desse blir gradvis skifta ut i samband med vedlikehaldsarbeid.
Strekninga mellom Paddington og Farringdon, som blei opna i 1863, er den eldste underjordiske jernbanestrekninga som framleis er i bruk.
Kart [endre]
Stasjonar [endre]
Frå vest mot aust.
- Hammersmith
- Goldhawk Road
- Shepherd's Bush
- Latimer Road
- Ladbroke Grove
- Westbourne Park
- Royal Oak
- Paddington
- Edgware Road
- Baker Street
- Great Portland Street
- Euston Square
- King's Cross St. Pancras
- Farringdon
- Barbican
- Moorgate
- Liverpool Street
- Aldgate East
- Whitechapel
- Stepney Green
- Mile End
- Bow Road
- Bromley-by-Bow
- West Ham
- Plaistow
- Upton Park
- East Ham
- Barking
- Denne artikkelen bygger på «Hammersmith & City-linja» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juni 2008.