Hammondorgel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hammondorgel

Hammondorgelet er eit elektromekanisk orgel som vart designa og bygd av Laurens Hammond rundt 1934.

Sentralt i oppbygginga av instrumentet står den såkalla tonegeneratoren som blir drive av ein elektrisk motor som er synkronisert med elektrisitetsforsyninga sin nettfrekvens (50 (EU) eller 60 Hz (USA)). Tonegeneratoren består av ei rekkje såkalla roterande tonehjul som er metallskiver med nær sinusforma mønster i perifien. Ein stavmagnet, med ein omvikla spole som vidare er kopla til ein LC-parallellresonanskrets (filter), er plassert heilt inn mot ytre periferi av kvart tonehjul, og det elektriske signalet frå kvart enkelt tonehjul vil då vere å samanlikne med ei orgelpipe. Signala blir saman blanda i tilhøve til registrering og tangentkombinasjon og blir vidare forsterka i ein relativt avansert røyrbasert forsterkar. Orgelet produserer ein temperert, varm og levande lyd.

Dei mest kjende modellane, Hammond B3 og C3 kom i 1954, og var då vorte utvida med eit såkalla «touch response»-perkusjonssystem og ein scanner vibrato. Det meste av det originale designen frå tidlegare var likevel heldt.

Hammondorgelet vart opphavleg selt til kyrkjer som eit billegare alternativ til pipeorgelet, men kom til å bli brukt i jazz, blues og i større grad i rockemusikk (på 60- og 70-talet) og gospelmusikk. Hammondorgelet vart gjerne nytta i kombinasjon med såkalla Leslie-høgttalarkabinett (med roterande horn og basshøgttalarbaffel). Dette introduserer både ein amplitude- og frekvensmodulasjon av signalet og dessutan ein konstant dopplareffekt, noko som spreier lydspekteret mykje.

Det originale hammondorgelet har festa posisjonen sin i historia og er framleis mykje nytta i orkester på grunn av den unike lyden og solide konstruksjonen. Dette til trass for at siste tonehjulsmodell rulla ut av fabrikken i 1974 og at fleire digitale etterlikningar har kome til dei seinare åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]