Avon i Hampshire

Koordinatar: 51°20′56″N 1°56′53″W / 51.349°N 1.948°W / 51.349; -1.948
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hampshire Avon)
Denne artikkelen handlar om elva Avon i Hampshire i England. For andre stader og elver med same namn, sjå Avon.

51°20′56″N 1°56′53″W / 51.349°N 1.948°W / 51.349; -1.948

Avon
elv
Avon i Salisbury
Land  England
Grevskap Wiltshire, Hampshire, Dorset
Tilløp
 - venstre Bourne
 - høgre Nadder
Lengd 96 km
Kjelde
 - stad Pewsey, Wiltshire
Kart
Avon i Hampshire
51°20′56″N 1°56′53″W / 51.349°N 1.948°W / 51.349; -1.948
Wikimedia Commons: River Avon, Hampshire
Avon ved Fordingbridge i Hampshire.
Avon og The Maltings, Salisbury
Flaum i Avon i 2007, ved Ringwood i Hampshire.

Avon er ei elv i Wiltshire, Hampshire og Dorset i det sørlege England. Elva startar i grevskapet Wiltshire og renn gjennom byen Salisbury i Hampshire før ho munnar ut i Den engelske kanalen ved byen Christchurch i Dorset. Ho blir òg kalla Salisbury Avon eller Hampshire Avon for å skilje ho frå dei andre elvene i England med same namn.

Namnet på elva er avleidd frå eit proto-brytonisk ord som tyder «elv», jamfør det walisiske orda for elv, Afon.

Elveløpet[endre | endre wikiteksten]

Avon byrjar som to separate elver som drenerer kvar sin halvdelen av Vale of Pewsey. Den vestre Avon har utspring austom Devizes, medan den austre Avon startar like austom Pewsey. Dei møtest like ved landsbyen Upavon, og renn derfrå mot sør over Salisbury Plain, og passerer gjennom Durrington og Amesbury. Ved byen Salisbury renn Avon saman med alle dei største sideelvane sine, først Naddar frå nordvest, deretter Bourne frå nordaust og til slutt Ebble frå vest litt søraust for byen. I tillegg møter Naddar den største sideelva si, Wylye, like før samløpet med Avon.

Sør for Salisbury renn elva sørover langs vestkanten av New Forest, gjennom Fordingbridge og Ringwood. Ved Christchurch renn ho ut i det nordvestre hjørnet av estuaret Christchurch Harbour, som ho har danna saman med naboelva Stour, som kjem frå vest og munnar ut i estuaret like ved Avon. Christchurch Harbour munnar ut i Den engelske kanalen ved Hengistbury Head, rundt to kilometer lenger aust.

Den øvre halvparten av Avon renn gjennom Wiltshire, medan den nedre delen av elva dannar dei noverande grensene til Hampshire eller Dorset, med korte strekningar innanfor kvar av dei to grevskapa. Før grensene vart endra i 1974 låg likevel heile den delen av elva som grensar til Dorset i heilskapen sin i Hampshire. Sidan det er to elver med namnet Avon i Wiltshire, førte dette til at elva vart kjent som Hampshire Avon eller Salisbury Avon.

Friluftsliv og vern[endre | endre wikiteksten]

Vandrarvegen Avon Valley Path går parallelt med elva frå Salisbury til Christchurch.

Ålmenta har rett til å bruke etablerte stigar som går over private eigedomar i England, men nokon tilsvarande rett finnast ikkje når det gjeld ferdsel på elver som ligg på private eigedomar. Kanopadlarar som ynskjer legitim tilgjenge til Avon har nyleg funne fram til ei lengje gløymt lov i sin favør. «Lova for å gjere elva Avon farbar frå Christchurch til byen New Sarum» vart iverksett i 1664 under kong Karl II. Ingen saker har enno per 2007 hamna i retten.[1]

Rettssaker vart likevel haldne på 1700-talet, vedrørande tap av rett til ferdsel på elva.[2] Ein var i 1737 og ein annan vart halden i 1772.[3]

Eit fireårig prosjekt kalla «STREAM» starta i september 2005. Dette var eit prosjekt, med ei kostnadsramme på £1 million pund, som hadde som formål å verne habitat for artar som soleie, atlanterhavslaks, bekkeniøye, havniøye, kvitfinna steinulke, snigelen vertigo moulinsiana, snadderand og dvergsvane.[4]

Det var òg eit systerprosjekt kalla «Living River» som gjekk frå 2006 til 2010. Dette arbeidde med betring av tilgjenge og rekreasjon, så vel som biomangfald.[5]

Begge desse prosjekta er på innstillingslista for «Thiess International Riverprize» for 2009 [6] i konkurranse med fire andre prosjekt: Huang He i Kina, Lake Simcoe i Canada, Polochic-bekkenet i Guatemala og nedre Owens River i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «1664 Law Could Prove Right To Row». BBC News. 23. februar 2007. Henta 6. juli 2011. 
  2. Cross, Donald Alfred Edgar (1970). «The Salisbury Avon Navigation». Industrial Archaeology (David & Charles) VII (2): 121–135. 
  3. The National Archives. «Material for the History of Wiltshire Canals: Salisbury Avon Navigation». Your Archives. The National Archives. Henta 6. juli 2011. 
  4. Nettsted for «STREAM»-prosjektet, arkivert frå originalen 8. oktober 2009, henta 6. juli 2011 
  5. Nettsted for prosjektet «Living River»
  6. Thiess International Riverprize

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]