Hamre på Osterøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hamre
Geografi
Kommune Osterøy
Fylke Hordaland
Annan informasjon


Postnummer 5281 VALESTRANDSFOSSEN
Innbyggjarnamn hamarsokning
Kart
Hamre på Osterøy is located in Hordaland
60°32′51″N 5°21′29″EKoordinatar: 60°32′51″N 5°21′29″E

Hamre er ei bygd på Osterøy i Hordaland.

Hamre kommune[endre | endre wikiteksten]

Prestegjeldet Hamre (til 1915 skrive Hammer) vart oppretta som heradskommune 1. januar 1838 - etter formannskapslovene av 1837.

Ved kommunesamanslåinga i 1964 gjekk den delen av kommunen som låg på Osterøya inn i den nye Osterøy kommune. Den delen av Hamre kommune som låg nord for Osterfjorden gjekk inn i den nye Lindås kommune.

Hamre heradskommune låg på nord- og sørsida av Osterfjorden og på austsida av Sørfjorden. Den sørlegaste delen Hamre låg på Osterøy og omfatta vidare Alversund, Meland,og Åsane sokn. Alversund og Meland sokn vart i 1885 slått saman med Seim sokn i Hosanger og danna Alversund herradskommune. I 1904 vart Åsane sokn skilt ut som eigen heradskommune.

Før kommunesamanslåinga i 1964 grensa kommunen i aust til Hosanger, i sør og søraust til Haus og i vest til Åsane kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Hamre kommune frå 1920 til 1964:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[3]
2434 2458 2578 2721 2596 2572

Hamre kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Den eldste kyrkjestaden på Osterøy er Hamre. På denne plassen har det stått stavkyrkje frå omtrent år 1024. Kyrkja var hovudkyrkje for heile Nordhordland. Stavkyrkja vart riven då noverande Hamre kyrkje vart bygd omkring 1620. Kyrkja er delvis ombygd i 1859 og restaurert på 1940-talet.

Innvendig er det døypefonten i kleberstein som er det eldste inventaret. Den er ifrå omtrent år 1250. Det nest eldste i kyrkja er hovuddelen av et mellomaldersk alterskap. Dette er laga i Lübeck omkring år 1480.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Hamre 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå