Hamskiftar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av Bakeneko, ein hamskiftande katt frå japansk mytologi.

Hamskiftarar er fiktive vesen av ulike slag som har evne til å skifte framtoning eller ham. Dette trekket er mykje nytta i ulike slag eventyr, der helten stundom òg får denne evna. Mange av dei underjordiske, slike som fossegrimen, nissen, huldra eller ulike slag troll er hamskiftarar. Denne evna finn ein òg i dei fleste mytekrinsane, og dei gamle gudane skifte ofte skapnad og let i samhandling med menneske. I nyare folketru er den mest kjende hamskiftaren truleg varulven, som skifter skapnad kvar fullmåne.

Hamskiftarane er ofte utnytta i nyare fantastisk litteratur, slik som i teikneserien Elfquest, eller hjå J.R.R. Tolkien og i Harry Potter-bøkene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hamskiftar
  • hamskifte i Nordisk Mytologi av Nordisk Mytologi (dansk)