Hanö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hanö i horisonten, sett frå kysten av Blekinge.

Hanö er ei øy i Hanöbukten 4 km søraust for tuppen av halvøya Listerlandet. Hanö har eit areal på kring 248 hektar, og det høgaste punkta på øya er kring 60 moh. Hanö er ei granittøy, med vekstar som gras og buskas. Det bur 33 menneske på øya, som er utan bilar.

Hanö fyrtårn vart oppført 1904-06, og står på ei klippe 60 meter over havet, og lyset frå fyret er mogeleg å sjå kring 40 km unna.

Under napoleonskrigane var Hanö base for den engelske flåten, som låg her i 1810-12. På bakkane på den nordlege delen av øya ligg ein engelsk kyrkjegard, der 15 sjømenn er gravlagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]