Hanami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanamifeiring i Mitsuzawa-parken i Yokohama.

Hanami (japansk 花見, 'sjå på blomar') er ei viktig japansk vårfeiring. Ho finn stad under den kortvarige bløminga til japanske plomme- eller kirsebærtre, og har i dag som regel form som ein fest under kirsebærtrea. Feiringa finn stad på ulike tider ettersom trea blømer, frå januar sør i Japan til mai i nord. Media følgjer med på utspringinga og det blir gjeve vêrvarsel for kva tid ein kan venta seg bløminga.

Hanami-illustrasjon til Soga om Genji.
Yoshitsune og Benkei ser kirsebærblomar (1885) av Yoshitoshi Tsukioka.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ein har feira hanami i fleire hundreår. Skikken skal ha oppstått under Naratida på 700-talet, og var opphavleg knytt til bløminga til japansk plomme, ume. I løpet av Heiantida (794–1185) byrja ein sjå meir etter kirsebærblomane, sakura, og dette er sidan blitt den viktigaste hanamiblomen. Skikken er mellom anna ein del av Soga om Genji frå denne perioden, og her blir hanami brukt i tydinga 'kirsebærblomsjåing'.

Opphavleg var vårfesten knytt til risavlinga. Ein meinte guddommen for rismarkene heldt til i kirsebærblomane.[1] Etter ritual der ein ofra til åndene i trea kunne ein samlast til ein fest under trea.

Allereie på 700-talet blir det fortald om menn og kvinner frå Hitachiregionen som under kirsebærbløminga samla seg på fjellet Ashigara, der dei åt, utveksla dikt, song og dansa. Denne landlege feiringa spreidde seg til byane og blei delvis teken over av høgareståande klassar, som la vekt på ei kultivert nyting av vårblomane. Desse var òg påverka av kinesisk estetikk knytt til plommeblomar.[1]

Herskarar i Japan heldt store hanamifestar, opphavleg keisarar som Saga ved hoffet sitt i Kyoto. Under Azuchi-Momoyama-tida (1568–1600) blei skikken utbreidd i samuraiklassen. Daimyoen Toyotomi Hideyoshi heldt store hanamifestar i Yoshino (1594) og Daigo-ji (1598), og skikken byrja spreia seg til heile det japanske samfunnet. Folk på landsbygda byrja gå opp på fjell og ha måltid under kirsebærtre i ein årleg «vårfjelltur». Under Edotida (1600–1867) var alle samfunnslag med på feiringa, delvis fordi shogun Tokugawa Yoshimune hadde fått planta store område med kirsebærtre. Folk frå alle lag kunne samla seg til livlege festar med mat, sake, dans, dikt og maskerade.[1]

I dag[endre | endre wikiteksten]

Hanamifeiring er ei årviss hending også i det moderne Japan. Familie, vener eller kollegaer kan samla seg for å nyta livet under kirsebærblomane. Ettersom blømingstida ofte fell saman med byrjinga på det nye skuleåret eller rekneskapsåret, blir det ofte halde velkomstfestar for skular og arbeidsstader i samband med hanami.

Hamami-bento.

Folk samlar seg i tusental i parkar under frukttre, dei legg ut matter eller presenningar, ofte i god tid i førevegen for å sikra seg ein god plass. Her blir det halde piknik med særskilde måltid, som dango og bento og stundom grillmat. Det er vanleg å drikka sake til. Ein kan høyra på musikk eller synga, og festane kan vara inn i natta. I stader der kveldsfeiring (yozakura, 夜桜, 'natt-kirsebærblomar') er vanleg, som i Uenoparken i Tokyo, blir det hengd opp papirlykter.

Vêrvarsel for kirsebærbløminga i 2006, tala markerer datoar.

Det japanske meteorologibyrået har eit eige vêrvarsel for blømingstida kalla sakurazensen (桜前線, 'kirsebæblomfronten').[2] Varselet er viktig for planlegging fordi bløminga varer ei kort tid, sjeldan meir enn to veker. Dei første blomane spring ut på dei subtropiske øyane Okinawa og til sist i nord på Hokkaido. I dei fleste storbyane som Tokyo, Kyoto og Osaka finn hanamitida som regel stad i slutten av mars og byrjinga av april.

Utanfor Japan[endre | endre wikiteksten]

Taikoopptreden under kirsebærblomfestivalen i Stor-Philadelphia.

Japanske kirsebærtre og hanamifeiring er blitt eksporterte til utlandet, og det finst mindre markeringar i mange asiatiske land som Korea, Taiwan, Kina og Filippinane, men også andre stader.[3] I USA blir det halde ei rekkje kirsebærblomfestivalar ei rekkje stader, til dømes i Washington D.C., som har over 6000 japanske kirsebærtre gjevne i gåve av Japan i 1912 og 1965.[4] Trea er ein stor turistattraksjon, og blir årleg feira med National Cherry Blossom Festival.[5] I Macon i Georgia, som kallar seg verdas kirsebærblomhovudstad, veks det rundt 300 000 japanske kirsebærtre. Her feirar ein International Cherry Blossom Festival kvar vår.[6]

Kultur og symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Om denne verda ikkje hadde nokon kirsebærblomar
Kor mykje meir rolege ville ikkje hjarta våre vore om våren

Blømande kirsebærgrein over folk på piknik under hanamifeiringa.

Hanami er rekna som ei tid der ein kan undra seg over venleiken til blomane, samstundes som den korte blømingstida deira minner om at også livet er forgjengeleg. Det flyktige livet er eit utbreidd i tema i japansk kultur, og eit kort, men fullverdig liv er ofte sett på som eit ideal. Det er skrive ei mengd japanske dikt om kirsebærblomar. Den gamle japanske diktsamlinga Manyoshu frå 700-talet skildrar korleis menn og kvinner har kirsebærblomar i håret, og ein mann skildrar sorga si over at kronblada fall før han fekk bera dei.[1]

Kokin Wakashu frå tidleg på 900-talet inneheld ei rekkje dikt vigd kirsebærblomar, som gjerne blir brukte til å uttrykka venleik og livskraft hjå kvinner eller den dåverande hovudstaden Kyoto, av og til også sorg over det kortliva ved dei.[1]

I haikudikt frå 1600--talet av blir kirsebærblomar ofte kalla medisin for sjel og sinn.[8]

Kirsebærblomar er eit mykje brukt symbol i kabukiteater, til dømes til å signalisera at handlinga finn stad i eit geishahus. Ein metode for å forsterka ei danseframføring er rakka, der kronlbad frå kirsebærblomar fell i stega til ein dansar, eller hana-no-ame, 'blomeregn', der ein skodespelar mimar blomefall med ein parasoll. Ei avbroten blomegrein symboliserer død.[1]

Hanami har også plass i nyare japansk litteratur, som i Motojiro Kajii si novelle «Under kirsebærtrea» frå 1925, der venleiken deira blir forklart med at det må ligga lik gravlagde under dei. Den ofte siterte opningslinja lyd: Sakura no ki no shita ni wa shitai ga umatte iru! (桜の樹の下には屍体が埋まっている!) - 'Kirsebærtrea har døde kroppar gravne ned under seg!'.[9]

For mange er likevel maten det viktigaste ved hanamifeiringa, noko som blir gjort narr av i ordtaket «risbollar framfor blomar» (花より団子 hana yori dango).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Emiko Ohnuki-Tierney (2002), Kamikaze, cherry blossoms, and nationalisms, University of Chicago Press 
  2. «Japanese Culture - Calendar - Hanami Season». JapanZone. Henta August 15, 2007. 
  3. «Spring flower festival events». Seoul Metropolitan Government. Arkivert frå originalen 2. februar 2009. Henta August 18, 2007. 
  4. HISTORY OF THE CHERRY TREES, National Park Service, United States 
  5. «National Cherry Blossom Festiva». Official Site. Henta August 16, 2007. 
  6. International Cherry Blossom Festival Online, Official Site, arkivert frå originalen 11. juli 2012, henta August 16, 2007 
  7. Cherry Blossom Viewing, Japan Mint, arkivert frå originalen 23. mai 2007, henta August 14, 2007 
  8. Robin D. Gill (2006), Cherry Blossom Epiphany -- The Poetry and Philosophy of a Flowering Tree, Paraverse Press 
  9. Cyber Sakura Watching, Osaka Seikei University, Kyoto, Japan, arkivert frå originalen 28. april 2007, henta August 17, 2007 ; Gessel, Van C.; Matsumoto, Tomone (1993). The Showa Anthology: Modern Japanese Short Stories. Kodansha International. ISBN 4-7700-1708-1. s. 24.