Handan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Handan
Gate i Handan.
Gate i Handan.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Hebei
Geografi
Flatevidd
 - By

12000 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)

8,499,000
Koordinatar 36°36′″N 114°29′″EKoordinatar: 36°36′″N 114°29′″E
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Bilnummer D
Heimeside: http://hd.gov.cn
Plassering
Plassering av  Handan
Sjå òg fylket Handan.

Hándān (邯郸) er ein kinesisk storby og eit byprefektur sør i provinsen Hebei. Folketalet er rekna til rundt 8,5 millionar, med 1,39 millionar i bykjernen (2004).[treng kjelde]

Byen har i dag stålindustri, takka vere steinkolbrota i området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn viser at soga til byen går tilbake til byrjinga av Shang-dynastiet. Under krigarrika-tida på 300- og 200-talet f.Kr. var han hovudstad for staten Zhao (趙).

Byen vart erobra av Qin etter at så godt som heile Zhao var blitt annektert av Qin (bortsett frå Dai-kommanderiet). Kongen Qin Shi Huang vitja byen éin gong, og gav då ordre om at alle fiendar av mor hans skulle gravleggast levande.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Handan har fire bydistrikt, fjorten fylke og eitt byfylke:

  • Bydistriktet Congtai (丛台区/叢台區), 28 km², ca. 330 000 innbyggarar (2003)
  • Bydistriktet Hanshan (邯山区/邯山區), 32 km², ca. 290 000 innbyggarar (2003)
  • Bydistriktet Fuxing (复兴区/復興區), 37 km², ca. 250 000 innbyggarar (2003)
  • Bydistriktet Fengfengkuang (峰峰矿区/峰峰礦區), 353 km², ca. 500 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Handan (邯郸县/邯鄲縣), 522 km², ca. 380 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Linzhang (临漳县/臨漳縣), 744 km², ca. 580 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Cheng'an (成安县/成安縣), 485 km², ca. 360 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Daming (大名县/大名縣), 1.052 km², ca. 740 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket She (涉县/涉縣), 1.509 km², ca. 380 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Ci (磁县/磁縣), 1.035 km², ca. 630 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Feixiang (肥乡县/肥鄉縣), 496 km², ca. 310 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Yongnian (永年县/永年縣), 898 km², ca. 830 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Qiu (邱县/邱縣), 448 km², ca. 200 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Jize (鸡泽县/雞澤縣), 337 km², ca. 250 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Guangping (广平县/廣平縣), 320 km², ca. 250 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Guantao (馆陶县/館陶縣), 456 km², ca. 290 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Wei (魏县/魏縣), 862 km², ca. 800 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Quzhou (曲周县/曲周縣), 667 km², ca. 400 000 innbyggarar (2003)
  • Byfylket Wu'an (武安市/武安市), 1806 km², ca. 710 000 innbyggarar (2003)
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!