Handtein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spinning med handtein (nedst).

Handtein er ein reiskap til spinning. Ein handtein er vanlegvis sett saman av ein lang, kvass pinne og eit relativt tungt, rundt spinnehjul som til dømes kan vere av kleberstein.

Eva som spinn med handteina i høgre hand. Illustrasjon frå rundt 1170.

Reiskapen har vore i bruk i svært lang tid. Spinnehjulet skal ha kome i bruk i yngre romartid, kring år 200 e.Kr. Spinnehjul frå handtein er nokså vanlege arkeologiske funn. På fleire spinnehjul frå vikingtid finn ein runeinnskrifter med namnet på eigaren. Ei stor overvekt av kvinnenamn på desse spinnehjula vitnar om at spinning på handtein var kvinnearbeid den gongen. Handteinen vart etterkvart fortrengd av rokken eller spinnerokken, som gjorde sitt inntog utover på 1600-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]