Hanekam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hanekam


Lychnis flos-cucul1i.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Caryophyllales
Familie: Caryophyllaceae
Slekt: Silene
Art: S. flos-cuculi
Vitskapleg namn
Silene flos-cuculi

Hanekam er ei urt i nellikfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Tidlegare har arten vore klassifisert som Lycnis flos-cuculi. Planta er kring 4 dm høg med grann småhåra stengel og smale snaue eller finhåra blad. Sylindrisk raudt beger og lysraude fireflika kronblad. Fem kapseltenner. Blømer kring juli månad på fuktige enger. Finst over heile Noreg så langt nord som til Sør-Varanger. Funnen opp til 960 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.