Hanford-anlegga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atomreaktorar på rekke ved Hanford Site langs Columbia River i januar 1960. N-reaktoren ligg i framgrunnen, men tvillingane KE og KW-reaktorane i bakgrunn. Den historiske B-reaktoren, som stod for den første produksjon av plutonium i verda, er synleg langt bak.

Hanford-anlegga (engelsk Hanford Site) er eit stort, utrangert produksjonsanlegg for produksjon av plutonium til atombomber. Det vart bygd ved Columbia River under den andre verdskrigen i Hanford i staten Washington i USA, for produksjon. Anlegga vart seinare kraftig utvida med reaktoranlegg for produksjon av plutonium, uranisotopar og andre radioaktive nuklidar som blir nytta innan medisin, teknikk og forsking.

Området har vore kjend under mange namn, mellom anna Hanford Works, Hanford Engineer Works eller HEW, Hanford Nuclear Reservation eller HNR og Hanford Project. Anlegget kom i gang i 1943 og var ein del av Manhattanprosjektet. Her låg mellom anna den kjende B-reaktoren som stod for den første fullskalaproduksjonen av plutonium i verda.[1] Plutoniumet som vart produsert på staden vart brukt i den første atombomba, testa på Trinity site, og i «Fat Man», bomba som vart sleppt over Nagasaki i Japan.

Vatn frå Columbia-elva vart nytta til avkjøling av reaktorane. Sjølv om det vart noko reinska før det vart sleppt attende i elva, kom store mengder radioaktivt forureina vatn ut i elva kvar dag. Dette vart halde skjult av dei føderale styresmaktene.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]