Hangö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hangö ~ Hanko
Styresmakter
Landskap
Län
Nyland
Södra Finlands län
Geografi
Flatevidd
 - By

632.0 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

9719
Diverse anna
Nettstad: [http://www.hango.fi/ www.hango.fi/]
Plassering
Plassering av  Hangö ~ Hanko

Koordinatar: 59°50′N 22°57′E Hangö (finsk: Hanko) er ein by og kommune i landskapet Nyland i Södra Finlands län. Hangö har cirka 9 905 innbyggjarar. Hangö grensar til kommunane Kimitoön og Raseborg.

Hangö er språkleg nærast delt på midten; finsk er majoritetsspråk (ca 54,0 %) og svensk minoritetsspråk (ca 44,3 %).

Hangö er Finlands sørlegaste by og ligg heilt ytst på Hangö udd. Byen vart grunnlagt i 1874, først og fremst fordi han har lengst periode med isfri hamn om vinteren, og Hangö er ein viktig hamneby.

Næringslivet dreiar seg mest om handel og sjøfart, men noko industri finst òg i byen. Dei største fabrikkane er Helkama sykkelfabrikk, Konecranes havnekraner, og Finska Forcit & Dynamit. Elles er byen ein typisk sommarby, og innbyggjartalet blir dobla om sommaren. Til Hangöregattaen kjem det båtar frå heile den finske kysten og resten av Austersjøen.

Etter Vinterkrigen i 1940 vart Finland tvunge til å avstå Hangö til Sovjetunionen som marinebase i 30 år. Heile folkesetnaden i området vart då evakuert, og då framhaldskrigen braut ut i 1941 var det ei rekkje kamphandlingar på Hangöfronten. Natta til 2. desember 1941 forlét dei siste sovjetiske troppane Hangö. Medan dei var der hadde dei sovjetiske styrkane bygd ein stor flyplass som i dag blir nytta av «Hangö Flygklubb». Etter framhaldsskrigen fekk Finland halde Hangö, medan Sovjetunionen tok i staden Porkalaområdet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kommunar i landskapet Nyland
Borgnäs | Esbo | Grankulla | Hangö | Helsingfors | Hyvinge | Högfors | Ingå | Karislojo | Kervo | Kyrkslätt | Lojo | Mäntsälä | Nummi-Pusula | Nurmijärvi | Raseborg | Sjundeå | Träskända | Tusby | Vanda | Vichtis
Landskap i Finland | Finland