Hang Fire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hang Fire»
Singel av Rolling Stones
frå albumet Tattoo You
Utgjeve april 1982
Innspelt 1977/1978, nyinnspeling 1981
Sjanger Rock
Lengd 2:20
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins
Rolling Stones-kronologi 
«Waiting on a Friend»
(1981)
«Hang Fire» «Going to a Go-Go»
(1982)


«Hang Fire» er ein song av the Rolling Stones frå albumet Tattoo You frå 1981.

Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og er ein rask, livleg song i rock and roll-stil, med skarp, satirisk tekst retta mot den økonomiske nedgangen i England gjennom 1970-åra.

« In the sweet old country where I come from, Nobody ever works, Yeah nothing gets done; We hang fire, we hang fire. »

Songen er eit nakent blikk på det engelske samfunnet på denne tida, der arbeidsløysa var høg og skattane auka. Teksten nemner ein arbeidslaus arbeidarklassemann som heller vil vedde på hestar enn å prøve å gifte seg inn i overklassen, som var den einaste måten å kome seg fram i det engelske samfunnet på.

« You know marrying money is a full time job; I don't need the aggravation; I'm a lazy slob »

Dette er ein av få politiske songar Rolling Stones spelte inn, og vart heller ikkje gjeven ut som singel i England, berre i Nord-Amerika.

«Hang Fire» vart skriven og spelt inn under innspelinga av Some Girls i Paris i 1977-1978. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå Tattoo You, og vart ein radiohit i USA, der han òg nådde 20. plass på singellista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]