Hangglider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein moderne hangglider i lufta

Ein hangglider er eit umotorisert luftfartøy nytta i hanggliding. Fartøyet er ein mellomting mellom eit seglfly og ein fallskjerm og består av ein duk spent over ei ramme, vanlegvis av aluminium. Ein startar og landar ein hangglider ved hjelp av føraren si eigen muskelkraft og under flyginga heng piloten liggjande i ein soveposeliknande sele under vengen og kan styre hangglideren ved hjelp av vektforskyving. Piloten flyttar kroppsvekta i den retninga han ønskjer å svinge. Han kan òg regulere snøggleiken ved å lene seg framover, slik at farten aukar, eller bakover, slik at farten minkar. Ved landing skyv piloten seg kraftig bakover like før landing og landar så ståande. Ein startar som regel ved at piloten spring nedover ein bratt bakke til ein har fått tilstrekkeleg stor fart i forhold til lufta rundt slik at hangglidaren tar av. Ein kan òg starte ved eit vinsjopptrekk eller på slep etter mikrofly.

Ein typisk hangglider har eit vengespenn på 10–12 meter, eit vengeareal på 14–18 m² og glidetal mellom 1:10 og 1:16. Steilesnøggleiken er kring 30 km/h. Nokre hanggliderar har hjelpemotorar. Om det er montert hjul på ein slik motorisert hangglider i tillegg, vert han klassifisert som eit mikrofly.

Den moderne hangglideren vart oppfunnen av Francis M. Rogallo, men mange av dei tidlegaste luftfartøya har ein konstruksjon og manøvreringsmetode som har klåre likskapar med hangglideren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]