Hank Locklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lawrence Hankins Locklin (fødd 15. februar 1918 i McLellan i Florida, død 8. mars 2009 i Brewton i Alabama)[1] var ein USA-amerikansk countrymusikar og låtskrivar. Locklin var ein av honky-tonk-musikarane i countrymusikken.

Det fyrste plateselskapet hans var Royalty, eit lite plateselskap nordaust i Texas. Seinare gjekk han over til 4 Star Records, eit regionalt countryplateselskap, og til slutt hadde han ein lang karriere i RCA Victor. Locklin var medlem av Grand Ole Opry, og nokre av dei største hitane hans er «Send Me the Pillow That You Dream On», «Geisha Girl» og «Please Help Me I'm Falling».

Locklin hadde ein stor tilhengjarskare i Europa, og han har mellom anna ein fanklubb i Langeli i Bjerkreim i Noreg.

Han døydde tidleg om morgonen søndag 8. mars 2009 i heimen sin i Brewton i Alabama.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]