Hanns Martin Schleyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hanns Martin Schleyer på landsmøtet til CDU i 1973.

Hanns-Martin Schleyer (1. mai 191518. oktober 1977) var ein tysk jurist, industrileiar, SS-offiser og terroroffer. Han var president for den tyske arbeidsgjevarforeininga BDA (1973–1977) og president for den tyske industriforeininga BDI (1977). Då den venstreekstreme terrororganisasjonen RAF bortførte og drap Schleyer i 1977, vart dette ein av dei viktigaste hendingane under «den tyske hausten», den største krisa i Tyskland i etterkrigstida.

Bakgrunn, utdanning og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Hanns-Martin Schleyer vart fødd i Offenburg i Tyskland i ein nasjonalkonservativ dommarfamilie, og studerte frå 1933 jus i Heidelberg. Han vart dr. jur. i 1939 ved Universität Innsbruck i Austerrike.

Han byrja karrieren sin som som studentpolitikar innanfor den nasjonalsosialistiske studentrørsla og vart formann for studentvelferdsorganisasjonen i Heidelberg. Seinare vart han etter ynskje frå riksstudentførar Gustav Scheel leiar for studentvelferdsorganisasjonen i Innsbruck. I 1937 melde han seg inn i NSDAP. Han gjorde militærteneste ved vestfronten frå 1940 til 1941, då han vart dimittert som tenesteudyktig, og arbeidde deretter som formann for studentvelferdsorganisasjonen i Praha. Etter 1943 arbeidde han som sakshandsamar og seinare personleg sekretær for leiaren for det bøhmiske industriforbundet. I mai 1945 forlét han Böhmen og flykta til foreldra sine i Konstanz. Der vart han teken som krigsfange 18. juli same år. Offiserstenesta han hadde i SS medførte at han vart halden internert i tre år før han vart repatriert.

Industrileiar[endre | endre wikiteksten]

Schleyer saman med forbundskanslar Helmut Schmidt i 1974.
Schleyer på ei mottaking i det tyske handverksforbundet, 1977

I 1949 byrja han som sekretær ved industri- og handelskammeret i Baden-Baden. 1951 vart han tilsett som sakshandsamar i Daimler-Benz-konsernet, der han allereie i 1953 vart utnemnd til leiar for hovudsekretariatet og assistent for styreformann Fritz Könnecke. Som Könnecke sin protesjé steig han snøgt i gradene, og vart 1956 leiar for personalavdelinga og 1959 varamann i konsernstyret. Han vart utnemnd til styremedlem i Daimler-Benz i 1963, og fekk ansvaret for personalsaker og sosialvesen. Frå 1968 fekk han dessutan ansvaret for bedriftsplanlegging, men gav frå seg dette vervet etter at Joachim Zahn hadde vorte vald til styreformann, eit verv Schleyer hadde ynskt seg.

Etter dette konsentrerte Schleyer seg i aukande grad om arbeidet sitt for arbeidsgjevarforeininga. Frå 1962 til 1968 var han formann for metallindustrien sin samskipnad i Baden-Württemberg. 6. desember 1973 vart han vald til president for den tyske arbeidsgjevarforeininga (BDA), og 1. januar 1977 vart han i tillegg president for den tyske industriforeininga (BDI).

Allereie på 60-talet vart Schleyer hatobjekt for venstreradikale, ikkje minst på grunn av den aggressive framtoninga han viste, særleg på fjernsyn, den harde haldninga i arbeidskampane, og dessutan bakgrunnen hans som nasjonalsosialist. I samband med valet til industripresident vart han spurd av ein journalist om bakgrunnen sin som SS-offiser, og sa då at han var stolt av denne bakgrunnen. New York Times skildra han som ein karikatur på ein hesleg kapitalist. Ifølgje Bernt Engelmann si bok Großes Bundesverdienstkreuz var han aktiv i eit hemmeleg høgrekonservativt nettverk på 70-talet som arbeidde for å få Helmut Kohl til makta. Han vart medlem av CDU i 1970, og vart same år utnemnt til æressenator ved Universität Innbruck i Austerrike, der han hadde teke den juridiske doktorgraden sin.

Bortføring og drap[endre | endre wikiteksten]

5. september 1977 vart Schleyer bortført av terroristar frå den såkalla Rote Armee Fraktion (RAF), ein venstreekstrem terrororganisasjon. To politimenn, ei sikkerheitsvakt og Schleyer sin privatsjåfør vart drepne under bortføringa. Etter å ha vore halden som gissel i fleire veker vart han myrda den 18. oktober same år, etter at styresmaktene hadde nekta å innfri krava til terroristane om frigjeving av fleire fengsla RAF-medlemmar. Liket vart funne i grensebyen Mulhouse i Frankrike den 19. oktober. Likvideringa skjedde etter at det kapra Lufthansa-flyet «Landshut» dagen før hadde blitt storma og frigjeve av tyske soldatar i Somalia, og alle terroristane, unnateke Souhaila Andrawes, hadde blitt drepne. Samstundes gjorde Andreas Baader, Gudrun Ensslin og Jan-Carl Raspe sjølvmord i Stammheim-fengselet.

Etter Schleyers død[endre | endre wikiteksten]

Schleyer vart gravlagd i ein stor seremoni under enorm mediemerksemd på Friedhof Stuttgart-Sillenbuch den 25. oktober 1977, der alle framståande tyske politikarar deltok. Kanslar Helmut Schmidt sin kondolanse til Schleyer si enke vart oppfatta som ei orsaking, sidan Schleyer sin familie ikkje hadde vore innforstått med den kompromisslause haldninga som styresmaktene hadde mot terroristane. Familien hadde sagt seg viljug til å betale 15 millionar tyske mark i løysepengar, men vart hindra i dette av styresmaktene. Schleyer sin son hadde reist sak ved forfatningsdomstolen for å få sleppt fri dei fengsla terroristane for å redde livet til faren sin, men saka vart avvist av domstolen kort før fristen i RAF sitt ultimatum gjekk ut.

Den tyske arbeidsgjevarforeininga og industriforeininga grunnla etter Schleyer sin død Hanns Martin Schleyer-Stiftung til Schleyer sitt minne, som hovudsakleg støttar unge forskarar innan retts-, økonomi- og kulturvitskap. Mange gater i Tyskland har blitt oppkalla etter han. Det same er Hanns Martin Schleyer-Halle, Stuttgarts største arrangementshall. Schleyer si enke og born har gjeve offera for RAF sin terror eit andlet i tysk offentlegheit.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Schleyer vart i 1939 gift med Waltrude Ketterer, dotter av lege og byråd i München SA-Obergruppenführer dr. Emil Ketterer. Dei hadde fire søner.

Han var ein slektning av kunstspråket Volapük sin oppfinnar, presten Johann Martin Schleyer.

Schleyer var katolikk.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lutz Hachmeister: Schleyer. Eine deutsche Geschichte. Beck: München, 2004 (ISBN 3-406-51863-X)
  • Klaus Pflieger: Die Aktion "Spindy". Die Entführung des Arbeitgeberpräsidenten Dr. Hann sin-Martin Schleyer. NOMOS Verlagsgesellschaft: Baden-Baden, 1997 (ISBN 3-7890-4598-5)
  • Carsten Polzin: Deutscher Herbst im Bundesverfassungsgericht - Zur verfassungsrechtlichen und verfassungspolitischen Dimension terroristischer Entführungsfälle. [1]
  • Dokumentation der Bundesregierung zur Entführung von Hann sin Martin Schleyer. Goldmann, 1977, ISBN 3-442-11154-4

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Schleyer - Eine deutsche Geschichte, 2003
  • Todesspiel, dokudrama i to delar om bortføringa av Schleyer, 1997
  • Deutschland im Herbst

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]