Hannu Manninen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hannu Manninen

Hannu Kalevi Manninen (fødd 17. april 1978) er ein finsk, tidlegare kombinertrennar og langrennsløpar frå Rovaniemi, som vann kombinertpokalen i verdscupen fire år på rad, 2004-2007. Manninen vart verdsmeister i kombinert-sprint i 2007, og vann tre gullmedaljar, to sølvmedaljar og tre bronsemedaljar for Finland i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 1997-2007. Mellom mars 1996 og mars 2010 vann han 48 renn i verdscupen i kombinert, noko som er rekord for kombinert.

Langrennsløparen Pirjo Muranen er systera hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Manninen debuterte internasjonalt under OL 1994Lillehammer, før han var fylt 16 år. Han vart juniorverdsmeister i kombinert i 1995 og 1998. Den 23. februar 1996 oppnådde han sin fyrste pallplass i verdscupen, han vart då nummer to etter norske Knut Tore Apeland i eit renn i Trondheim. Fjorten dagar seinare gjekk han til topps i Svenska skidspelen i Falun, hans fyrste verdscuptriumf.

Sigeren i Falun var den fyrste av 48 triumfar i verdscuprenn i kombinert i tida 1996-2010. I tolv av desse femten sesongane noterte han seg for ein eller fleire sigrar i kampen om FIS-pokalen i kombinert. Dei to sesongane han ikkje kunne stige til topps på sigerspallen var 2001 og 2008, i 2009 var han ikkje aktiv i skiidrett. Manninen vart nummer to i verdscupen i kombinert i 1999-sesongen, berre slått av Bjarte Engen Vik frå Noreg. Alle dei fire sesongane frå 2004 til 2007 gjekk han til topps verdscupen. Flest sigrar tok han i 2006-sesongen, då han vann heile tolv renn.

Trass i Manninens dominans gjennom fleire år, sleit han med å lukkast individuelt i dei store meisterskapane. Særleg tydeleg var dette i 2006, då han hadde vunne dei siste sju verdscuprenna føre vinterolympiaden i Torino. Der enda han på niande og tolvte plass i dei individuelle tevlingane. Året etter vann han sin einaste individuelle meisterskapsmedalje, då han under ski-VM i Sapporo sikra seg gullmedaljen i halvprogrammet/sprintøvinga. I den same meisterskapen vann han sitt andre VM-gull for Finland i lagøvinga, saman med Anssi Koivuranta, Janne Ryynänen og Jaakko Tallus. Det fyrste VM-gullet i lagøvinga fekk han i 1999, då saman med Tapio Nurmela, Jari Mantila og Samppa Lajunen. Dessutan vann Manninen OL-gull i 2002 saman med Tallus, Mantila og Lajunen. Gjennom dei elleve sesongane 1997-2007 sikra Manninen seg åtte (3-2-3) medaljar i lagøvinga i VM og OL.

Manninen hadde sin styrke i langrennssporet, og var attpå ein sterk spurtar. Han deltok fleire gongar i sprintøvinga i langrenn, også i verdscupen. Under OL i 2002 vart han nummer åtte i sprint-langrennet.

Manninen la opp i 2011.

Individuelle medaljar og besteplasseringar i meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Lag-medaljar i meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1997: Sølvmedalje i lagøvinga
  • OL 1998: Sølvmedalje i lagøvinga
  • VM 1999: Gullmedalje i lagøvinga
  • VM 2001: Bronsemedalje i lagøvinga
  • OL 2002: Gullmedalje i lagøvinga
  • VM 2003: Bronsemedalje i lagøvinga
  • OL 2006: Bronsemedalje i lagøvinga
  • VM 2007: Gullmedalje i lagøvinga

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]