Hannu Salama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hannu Salama (2010)

Hannu Salama (fødd 4. oktober 1936) i Kouvola) er ein finsk forfattar. Salama er busett i Helsingfors, men voks opp i Tammerfors. Før han vart forfattar på heiltid i 1961 arbeidde Salama som elektrikar, som far sin, og som landarbeidar.

I 1966 vart Hannu Salama rettsforfølgd for blasfemi. Grunnen var romanen Juhannustanssit frå 1964 (på norsk Midtsommerdansen 1965). I retten medgav Salama at det hadde vore hans meining å spotta Gud i boka, og han nekta å ha forsvarar i saka. Han vart idømd tre månader fengselstraff på vilkår i to lågare rettsinnstansar, men innan saka kom opp i den finske høgsteretten hadde blasfemiparagrafen vorte sletta frå lova. Til slutt greip president Kekkonen inn og gav han nåde, i 1968. Då hadde saka sjølvsagt allereide vekt stor merksemd også utanlands, og mellom andre Jean-Paul Sartre og Halldór Kiljan Laxness hadde engasjert seg i saka på Salama si side. Nyopptrykk av romanen kom ut i sensurert utgåve heilt til 1990, då han vart publisert usensurert.

I 1975 fekk han Nordisk Råds litteraturpris for Siinä näkijä missä tekijä (på norsk Ingen gjerning uten øyenvitner (1972)).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Se tavallinen tarina
  • Minä, Olli ja Orvokki
  • Juhannustanssit (1964)
  • Siinä näkijä missä tekijä (1972)
  • Näkymä kuivaushuoneen ikkunasta (1988)

Prisar[endre | endre wikiteksten]