Hans-Erik Dyvik Husby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans-Erik Dyvik Husby
Turboneger2.jpg
Hank von Helvete opptrer med Turboneger i Stavanger 2. mai 2005.
Foto: Espen Mills.
Fødenamn Hans-Erik Dyvik Husby
Verkeleg namn Hans-Erik Dyvik Husby
Alias Hank von Helvete, Herr Tugen, Hertugen, Hertis
Fødd 15. juni 1972, Å i Nordland i Noreg
Yrke Songar, skodespelar
Tilknytte artistar Turboneger

Hans-Erik Dyvik Husby, (fødd 15. juni 1972), særleg kjend under artistnamnet Hank von Helvete, er ein norsk artist og skodespelar, kjend som vokalist i det norske bandet Turboneger.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hans-Erik Dyvik Husby vart fødd i Gravdal i Vestvågøy kommune, men budde i Å i Lofoten med familien til Hans-Erik var tre. Seinare flytte dei til Fauske, Rognan, og til slutt Tvedestrand. I dag er Dyvik Husby kjend for storstilte opptredenar saman med gruppa Turboneger, gjerne med mykje sminke og bar overkropp. Men han har òg ei velkjend fortid som stoffavhengig. Det var samanbrotet hans på grunn av heroinabstinensar under ein turné i Italia som gjorde at Turboneger blei oppløyst for ei tid i 1998.

Dyvik Husby er no stoffri og har i tillegg til musikken starta ei karriere som muskal-skodespelar (hovudrolle i Jesus Christ Superstar). Via etermedia har han òg vorte talsmann for moderne norsk kristendom (Mellom anna i "Bokprogrammet" - NRK 1. sept. 2009) der Dyvik Husby syner at han har eit reflektert og grunngjeve tilhøve til vanskelege teologiske spørsmål kring synet på himmelriket og fortapinga (helvete). Dyvik Husby har i fleire intervju omtala seg sjølv som personleg kristen.

Bror til Hans-Erik er komponisten Kaare Dyvik Husby.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.