Hans-Jörg Butt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans-Jörg Butt
Hans-Jörg Butt.jpg
Personleg informasjon
Namn Hans-Jörg Butt
Fødselsdato 28. mai 1974
Fødestad Oldenburg i Tyskland
Høgd 191 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Bayern München
Draktnummer 1
Ungdomsklubb
Tyskland Großenkneten
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1994-97
1997-2001
2001-07
2007-08
2008-
Tyskland Oldenburg
Tyskland Hamburg
Tyskland Bayer Leverkusen
Portugal Benfica
Tyskland Bayern München
87 (5)
133 (19)
191 (7)
1 (0)
40 (0)
Landslag**
2000- Tyskland Tyskland 4 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 21. august 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 10. juli 2010.

Hans-Jörg Butt (fødd 28. mai 1974 i Oldenburg i Niedersachsen) er ein tysk fotballspelar, som spelar som keeper for Bayern München. Han har òg landskampar for Tyskland.

Butt vart seriemeister i Tyskland med Bayern München i 2010. Han debuterte for A-landslaget 7. juni 2000 i ein landskamp mot Liechtenstein. Han var med i troppen til fotball-EM same året og til fotball-VM i 2002, men begge gongene var han tredjeval i mål, etter Oliver Kahn og Jens Lehmann, og han fekk ikkje spela nokon kampar. I fotball-VM i 2010 kom han igjen med i troppen, og stod i mål for Tyskland i bronsefinalen mot Uruguay.