Hans-Tore Bjerkaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans-Tore Bjerkaas på Nordiske mediedager 2010

Hans-Tore Bjerkaas (fødd 7. juni 1951 i Tromsø) er ein norsk journalist og den noverande kringkastingsjefen i NRK.

Han vart cand.mag. ved Universitetet i Tromsø i 1976. Bjerkaas starta karrieren sin i 1977 i NRK Troms, der han var programleiar i programmet Halvsju og programsekretær. Han vart seinare redaksjonssjef ved same kontor, og arbeidde der fram til 1986. Deretter vart han redaksjonssjef i NRK Hordaland fram til 1992. Frå 1992 var Bjerkaas i ein kort periode programdirektør i TV 2. I perioden 1993–1997 var han distriktssjef i NRK Troms, og frå 1997 til 2000 fjernsynsdirektør i NRK. Deretter vart han direktør for den nyoppretta avdelinga NRK Kringkasting, fram til 2004, då han vart distriktsredaktør for NRK Troms og Finnmark.

24. januar 2007 utpeikte styret i NRK Bjerkaas til ny kringkastingssjef etter John G. Bernander.[1] Han byrja i stillinga 19. mars 2007.[2]

Kringkastingssjefen har spelt 230 A-lagskampar for Tromsø IL, og han hadde verv i same klubb på 1980-talet. Han har den høgaste leiarutdanninga i Noregs Fotballforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Hans-Tore Bjerkaas» på Wikipedia på bokmål, innhenta 4. januar 2010.
  • «Hans-Tore Bjerkaas» i Store norske leksikon, innhenta 5. januar 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Bjerkaas, Hans-Tore» av Magne Lerø i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hans-Tore Bjerkaas ny NRK-sjef» av Jørn Pettersen og Ingunn Andersen på vg.no (24. januar 2007).
  2. «- Jeg gleder meg» av Torgeir Skeie på nrk.no (24. januar 2007).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]