Hans Øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hans Ø)
Hans Øy
øy
Land  Danmark,  Canada
Areal 1,25 km²
Folketal 0
Kart
Hans Øy
80°49′37″N 66°27′12″W / 80.826944444444°N 66.453333333333°W / 80.826944444444; -66.453333333333
Hans øy i Kenndykanalen
Hans øy i Kenndykanalen
Hans øy i Kenndykanalen
Wikimedia Commons: Hans Island

Hans øy (grønlandsk Tartupaluk, dansk Hans Ø, fransk île Hans, engelsk Hans Island) er ei øy i Kennedykanalen mellom Grønland og Ellesmere Island med posisjon 80°49'N, 66°26'V. Øya ligg kring 350 km nord for den nordlegaste grønlandske busetnaden Qaanaaq (Thule). Den næraste kanadiske tettstaden er Ausuittuq (Grise Fjord), 700 km sør. Den nordlegaste bemanna radio- og vêrstasjonen i verda er Alert, 200 km nord. Det er normalt berre mogleg å koma til øya med båt på spesielt milde somrar.

Øya er ei avlang og gold landtunge på 1,3 km², hovudsakleg av kalkstein. Øya vart oppkalla etter den grønlandske guiden Hans Hendriksen Suerssaq under ein amerikansk polarekspedisjon leia av Charles Francis Hall mellom 1871 og 1873.

Whiskykrigen[endre | endre wikiteksten]

Frå 1973 til 2022 gjorde både Canada og Danmark krav på øya. Øya kan verta viktig om det på grunn av global oppvarming vert opna ein sjøveg nord om Canada til Stillehavet.

Striden tok seg opp etter at den danske fregatten KDM «Vædderen» patruljerte i området mellom Ellesmere Island og Grønland og heiste det danske flagget Dannebrog på Hans Øy den 13. august 2002.[1] I august 2003 vart flagget utskift av mannskapet på kanadiske HDMS «Triton». Det danske og kanadiske militæret vitja øya jamleg, der dei fjerna motparten sitt flagg og heiste opp sitt eige. I tillegg la danskane alltid att ei flaske dansk snaps, når kanadiarane vitja øya erstatta dei ho med ei flaske kanadisk whisky.[2][3]

I 2018 vart det oppretta ei arbeidsgruppe som skulle løyse problemet med den 1,3 kvadratkilometer store øya, og i november 2021 vart det semje om at dei to landa skulle overta kvar sin del av øya.[4]

11. juni 2022 vart landa samde om at det skulle trekkast ei landgrense[5][6] som følgjer kløfta som strekkjer seg over øya.[7] Danmark får dimed si andre landegrense mot eit anna land, Canada. Den fyrste går mot Tyskland. Canada får også si andre landegrense. Den fyrste går mot USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kald krig mellom NATO-land», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 20. oktober 2022 
  2. Weber, Bob. «Canada, Denmark should turn Hans Island into a condominium: academics» (på engelsk). CBC News. Henta 20. oktober 2022. 
  3. «Nettkrangel om ishavs-holme», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 20. oktober 2022 
  4. Marthe Stoksvik (14. juni 2022). «Whiskykrigen er over – Danmark og Canada har løst grensestrid i Arktis». VG. VG/NTB. 
  5. «Canada and Denmark reach settlement over disputed Arctic island, sources say» (på engelsk). The Globe and Mail. 11. juni 2022. 
  6. «Kongeriget vokser: Danmark og Canada slutter fred efter 50 års ø-strid» (på dansk). Altinget. 13. juni 2022. Henta 13. juni 2022. 
  7. Svendsen, Jacob (13. juni 2022). «Nu er det endelig slut: Danmark og Canada deler Hans Ø». Politiken (på dansk). Henta 14. juni 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]