Hans Aanrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Aanrud
Aanrud.jpeg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 3. september 1863
Død 11. januar 1953 (89 år)
Ektefelle Wilhelmine Skioldager


Hans Aanrud (3. september 186311. januar 1953) var ein norsk forfattar av noveller, barnebøker og skodespel.

Han vart fødd på garden Aanrud i Auggedalen i Vestre Gausdal. Han var flittig og dyktig på skulen og byrja å studere jus, men gjekk seinare over til filologi. Etter utdanninga jobba han mellom anna som huslærar, kritikar i ulike aviser, teatersjef ved Den Nationale Scene, litterær dramaturg og foreiningsformann.

I 1887 debuterte Aanrud som forfattar i Nyt Tidsskrift med forteljinga Hvordan Vårherre fikk høyet til Asmund Bergemellom og seinare kom han med ei rekke novellesamlingar, til dømes Fortellinger (1891), En vinternatt og andre fortellinger (1896) og Fyrabendsarbeide (1921). Han skreiv òg fem barnebøker; Storkarer (1896), Sidsel Sidserk og andre kjerringemner (1903), Småfe (1906), Sølve Solfeng (1910) og En odelsbonde og andre fortellinger for barn (1917), og tre komediar; Storken (1895), Høyt til hest (1901) og Hanen (1906).

Hans Aanrud var gift med Wilhelmine Skioldager frå Bergen og dei hadde to døtrer. Aanrud budde hos den eine av dei i Lyngdal gjennom heile krigen og kom seg diverre ikkje til Gausdal då han i 1943 vart 80 år og heidra med stor fest i Auggedalen.

Aanrud gjorde Gausdal kjend fordi det var nettopp her handlinga i det meste han skreiv gjekk føre seg, sjølv om det aldri vart direkte nemnd i tekstane. Men alle visste at Aanrud var ein heimstaddiktar, så lesarane vart likevel kjent med bygda gjennom det han skreiv.

Hans Aanrud døydde i 1953, nesten 90 år gammal, men likevel frisk og aktiv til det siste.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!