Hans Arentz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Arentz
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1731
Askvoll kommune
Død

12. april 1793 (61 år)
Fjaler kommune

Yrke Sorenskrivar
Tema Topografi
Far Frederik Arentz

Hans Arentz (27. august 173112. april 1793) var ein norsk jurist og forfattar av Beskrivelse over Söndfjord, i det Nordre Bergenhusiske Amt, fødd i sunnfjordkommunen Askvoll i Sogn og Fjordane fylke.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Som dei aller fleste embetsmenn på den tida kom Arentz sjølv frå embetsmannsslekt. Far hans var Friedrich Arentz (1699–1779), sokneprest og biskop i Bergen. Mora hans var Cathrine Frederikke Holberg, niese til Ludvig Holberg. Etter skulegang og studium i Bergen og København vart han utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord i 1762. Tre år seinare gifte han seg med Ingeborg Cathrine Nagel, dotter til Hans Thiis Nagel, fut i Sunnfjord og Margrethe Worm. Dette må ha vore eit godt gifte, for seinare gir Thiis Nagel alle dei 30 gardane han åtte til ekteparet.

Livsverk[endre | endre wikiteksten]

Sorenskrivar Hans Arentz har late etter seg viktige bidrag til opplysningstidas topografiske litteratur. Her skal først og fremst nemnast Beskrivelse over Søndfjord i det nordre bergenhusiske Amt. Dette er eit svært omfattande verk på over 900 sider, og det er skrive omkring 1785. Det vart først publisert etter at Hans Arentz var død. Broren, Fredrik Christian Holberg Arentz, rektor ved katedralskulen i Bergen, sytte for at verket vart trykt, og i åra 1800 til 1805 vart det publisert i Topografisk Journal for Norge. I Søndfjords Beskrivelse gir Arentz ei omfattande og detaljert skildring av landsdelen. Han greier ut om topografi og næringsvegar frå ytst på kysten til øvst i fjelldalane. Vidare gir verket inngåande og levande skildringar av samfunnet, haldningane, folket, lynnet og skikk og bruk i Sunnfjord i siste halvdelen av det 18. hundreåret.

I Grundtegning af den fornuftige norske Patriotisme, publisert 1787, drøfter Arentz omgrep som nasjon, fedreland og patriotisme. For Arentz var ikkje patriotismen politisk i den forstand at han tenkte seg politisk, kulturell og økonomisk lausriving frå Danmark. Tvert om, han forsvarte unionen og lovpriste eineveldet som den beste av alle statsformer, både i vers og prosa. For Arentz var det slik at når menneske kjende seg knytte til eit land eller ein region skulle dei late patriotismen gi seg utslag på den måten at dei arbeidde for å betre næringsvegane og slik gjere landet til ein betre stad å bu. (Lunden 1992, Apelseth 1998)

På eitt vis kan vi seie at Arentz og kona tok konsekvensen av dette synet. Då sorenskrivaren døydde i Dale i Sunnfjord, og der ikkje var livsarvingar etter han (einaste barnet i ekteskapet, ei dotter, døydde berre 14 år gamal), testamenterte enkja alle dei 30 gardane til leiglendingane mot at dei tok seg av ein fattig person. Nokre av gardane vart selde, og pengane sett på fond til hjelp for fattige.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1756 – Samtale efter Døden imellem de tvende Romere Cato og Cæsar angaaende Enevolds- og Folke-Regieringer (København: Ludolph Henrich Lillie)
  • 1787 – Grund-Tegning af den fornuftige norske Patriotism (Bergen: Rasmus H. Dahl)
  • 1801,1802, 1803, 1804, 1805, 1806, 1807, 1808 – Topographisk Journal for Norge (Christiania: Det Topographiske Selskab for Norge)
  • 1999 – Søndfjord : ufruktbare klipper og bjergtroldets boliger? : utdrag av Hans Arentz' manus "Beskrivelse over Søndfjord i det nordre Bergenhusiske Amt" Anno 1785 (Oslo: Samlaget). ISBN 8252154891 I fulltekst ved nb.no  [Redaktør: Ragnar Bull]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]