Hans Bagger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Bagger

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 23. august 1646
Lund i Skåne
Død

30. august 1693 (47 år)

Yrke teolog
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Olof Bagger
Hans Bagger på Commons

Hans Bagger (23. august 164630. august 1693), Hans var ein dansk teolog, prest og biskop.

Skolegang og studie[endre | endre wikiteksten]

Hans Bagger vart fødd i Lund i Skåne, som på den tida var dansk, av foreldra Ole Bagger og Maria Lauridsdotter. I 1656 byrja han på latinskolen i byen. I 1663 studerte han vidare på Københavns universitet, sidan på universitetet i Greifswalde, som den gongen vart styrt av Sverige, ved universitetet i Rostock og ved universitetet i Wittenberg der han studerte under Abraham Calovius.

I 1669) reiste han heim til Lund. Her fekk han ein professorstilling i filosofi, og han vart konrektor ved universitetet i Lund. I 1672 reiste han på ny ut for å studere, denne gongen til Oxford og Cambridge i England for å studere austerlandske språk.

Biskop over Sjælland[endre | endre wikiteksten]

I 1674 vart han kalla heim for å bli stiftsprost og prest ved Vår Frue kirke i København . Han gifta seg 12. november 1674 med Margrethe Schumacher, søster til Peder Griffenfeld. Året etter vart han utnemnd til biskop over Sjællands stift, 29 år gammal.

Administrator og liturg[endre | endre wikiteksten]

Hans Bagger arbeidde for streng luthersk ortodoksi, og for at Danmark-Noreg skulle vere eit reint luthersk land. Då katolikkane forsøkte å få innpass i landet, stod Hans Bagger i spissen for motstanden. Han motarbeidde òg kalvinistane.

Som biskop deltok han i arbeidet med revisjon av «Danske Lovs 2. bog», og han var å revidere kyrkjeritualet. Han fekk samla mange bededagar til ein felles bededag på 4. fredag etter påske. Det var Hans Bagger som skreiv bededagsbøna.

I 1688 utgav han ny alterbok, ei handbok for prestane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]