Hans Bethe
| Hans Bethe | |
| Fødd | 2. juli 1906 Strasbourg i Tyskland |
|---|---|
| Død | 6. mars 2005 (98 år) Ithaca i New York |
| Bustad | USA |
| Nasjonalitet | Tysk Amerikansk |
| Institusjonar | Universitetet i Tübingen Cornell University University of Manchester |
| Alma mater | Universitetet i Frankfurt Universitetet i München |
| Doktorgradsrettleiar | Arnold Sommerfeld |
| Doktorgradsstudentar | Freeman Dyson |
| Kjend for | Atomfysikk |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1967) |
Hans Albrecht Bethe (2. juli 1906–6. mars 2005) var ein tysk-amerikansk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1967. Han deltok i utviklinga av atombomba i 1945, men vart seinare kritisk til verksemda si og var aktiv i anti-atomvåpenarbeid saman med Albert Einstein. Han vart fødd i Strassburg, då i Tyskland (no i Frankrike), og gjekk på gymnaset og studerte fysikk i Frankfurt. Han tok doktorgraden i teoretisk fysikk ved Ludwig-Maximilians-Universität München under professor Arnold Sommerfeld i juli 1928. Han gjorde rask karrière og underviste ved universiteta i München, Frankfurt og Stuttgart Alt før han var 25. Bethe kom frå ein familie av framståande forskarar. Han hadde kristen tysk far og jødisk tysk mor, og forlet difor Tyskland i 1933, og kom to år seinare til USA.
Bethe vart i 1984 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.
Prisar (utval) [endre]
| Årstal | Pris |
|---|---|
| 2001 | Bruce-medaljen |
| 1967 | Nobelprisen i fysikk |
| 1961 | Eddingtonmedaljen |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hans Bethe» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.