Hans Cloos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Cloos
Fødd8. november 1885
Magdeburg
Død26. september 1951
Bonn
NasjonalitetTyskland
Områdegeologi, tektonikk, vulkanisme
Yrkegeolog, universitetslærar, paleontolog
InstitusjonarUniversitetet i Bonn
Johannes Gutenberg-universitetet i Mainz
Universitetet i Wrocław
Alma materRWTH Aachen
MedlemAkademie der Wissenschaften der DDR
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Paläontologische Gesellschaft
Göttingens vitenskapsakademi

Hans Cloos (8. november 188526. september 1951) var ein viktig tysk geolog og ein av grunnleggjarane av den moderne tektoniske geologien. Han arbeidde mykje i Noreg og den mest kjende læreboka hans, Einführung in die Geologie (1936), inneheld mange døme frå Noreg, spesielt frå Oslofeltet.

Han vart fødd i Magdeburg og fekk doktorgrad i Freiburg i 1910, før han reiste til Indonesia og Namibia fram til den første verdskrigen starta. Under krigen vart dei geologiske kunnskapane hans nytta langs vestfronten.

Etter krigen starta han å studere plutonar og den indre strukturen deira. I 1919 vart han professor ved Universitetet i Breslau. Den yngre broren hans, Ernst Cloos, studerte i Breslau under broren og vart seinare ein kjend geolog han òg.

I 1926 vart Cloos geologiprofessor ved Universitetet i Bonn. Han gjorde fleire reiser til Skandinavia, England og Nord-Amerika, der han gjorde geologiske undersøkingar.

Han var ein pioner innan studiet av steinnedbryting, inkludert granitt-tektonikk. Han nytta skalamodellar for å studere den fysiske teknikken i forkastingar og utforska korleis kontinenta utvikla strukturen sin. Han var òg kjend som ein dyktig musikar og teiknar.

Cloos døydde i Bonn i 1951.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Der Mechanismus tiefvulkanischer Vorgänge, 1921.
  • Gespräch mit der Erde, 1947;

Kjelder[endre | endre wikiteksten]