Hans Eidnes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Eidnes (fødd 20. mars 1887 i Bjarkøy, død 5. juni 1962) var ein norsk lærar og politikar (V). Han var stortingsrepresentant frå Troms i perioden 1945-1949. Eidnes var formann i Noregs Mållag mellom 1946 og 1949. Han var medlem av Trondenes kommunestyre mellom 1928 og 1934 (varaordførar 1931-1934). Eidnes vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1957.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hans Eidnes» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2012.