Hans Ferdinand Linskens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Ferdinand Linskens (Lahr , Tyskland, 22. mai 1921-13. august 2007) var ein tysk botanikar og genetikar. Frå 1957 til 1986 var han professor i botanikk ved Radboud Universiteit Nijmegen.[1] Linskens var sjefredaktør av Theoretical and Applied Genetics (1977-1987)[1] og Sexual Plant Reproduction.[2] I tillegg til å vera magasinredaktør, hadde han òg mykje å seia som redaktør for handbøker.[3]

Linskens var ein vald medlem av Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina, Linnean Society of London, Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen og Academie Royale des Sciences de Belgique.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Becker, H. C. (2007). «In Memoriam: Hansferdinand Linskens (1921–2007)». Theoretical and Applied Genetics 116 (1): 1–2. doi:10.1007/s00122-007-0658-2. PMID 17932645. 
  2. 2,0 2,1 Mulcahy, David; Cresti, Mauro (2007). «Hans Ferdinand Linskens». Sexual Plant Reproduction 20 (4): 167. doi:10.1007/s00497-007-0055-7. 
  3. Trebst, A. (1966). «Moderne Methoden der Pflanzenanalyse». Die Naturwissenschaften 53 (15): 391. doi:10.1007/BF01185170.