Hans Fredrik Grøvan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Fredrik Grøvan

Hans Fredrik Grøvan
Foto: Hildegunn Bernsen
Fødd1. november 1953 (70 år)
Kristiansand kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Lyngdal 1995–2007
FøregangarAnders Nøkland
EtterfylgjarIngunn Foss
VervParlamentarisk leiar i KrF 2019–
FøregangarKnut Arild Hareide
Alle verv
  • stortingsrepresentant (2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2001–2005)
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013)
  • ordførar i Lyngdal (1995–2007)
  • stortingsrepresentant (2017–2021)
  • varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (2013–2017) Sjå dette på Wikidata

Hans Fredrik Grøvan (fødd 1. november 1953) er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han vart vald som stortingsrepresentant frå Vest-Agder fylke etter stortingsvalet i 2013.[1] Sidan 2019 er han parlamentarisk leiar i KrF.[2]

Grøvan var fylkesleiar i Vest-Agder KrF frå 2011 til 2013. Han har tidlegare vore ordførar i Lyngdal kommune i perioden 1995–2007. Han var vararepresentant nr. 3 på Stortinget for Vest-Agder 2001–2005, og han var også styreleiar i Agder Energi fram til desember 2005. Grøvan har også hatt ei stilling som prosjektleiar ved Senter for livsmestring og vore dagleg leiar i Lister nyskaping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stortinget: Hans Fredrik Grøvan. Biografi.
  2. Alnes, Randen, Krekling, Sandvik og Skei. (29.1.2019). Knut Arild Hareide trekker seg som parlamentarisk leiar for KrF. NRK. Lese den 11.5.2019.