Hans Gerhard Meldahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Gerhard Colbjørnsen Meldahl (5. oktober 181525. desember 1877) var ein jurist, dommar, embetsmann, stortingsmann og statsråd.

Meldahl var fødd i Rollag, der far hans var sokneprest. Sjølv vart han student frå Møllers institutt i 1833 og cand. jur. i 1837. Frå 1839 var han advokatfullmektig, deretter var han overrettsprokurator i Kristiania stift frå 1843. Han var byfut i Trondheim frå 1849 og justitiarius ved stiftsoverretten der i 1855. År 1859 vart han utnemnd til høgsterettsassessor.

På Stortinga 1854 og 1857, samt omframstortinget 1858, representerte han Trondheim og Levanger. I 1854 var han sekretær i Odelstinget og i justiskomite nr 1. 1857 var han president i Lagtinget, på omframstortinget 1858 var han visepresident. Både i 1857 og 1858 var han sekretær i fullmaktskomiteen og i trykkekomiteen samt medlem av valkomiteen. Elles var han i 1857 medlem av justiskomiteen og 1858 av finanskomiteen.

Meldahl var medlem av statsrådet frå desember 1871 til januar 1874. Han var norsk justisminister 1861-63, 1864-66, 1867-69, 1870-71 og 1872-74, samt medlem av statsrådavdelinga i Stockholm 1863-64, 1866-67, 1869-70 og 1871-72.

1874-77 var Meldahl høgsterettsjustitiarius. Han døydde i Christiania jula 1877.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914