Hans Gurstad Holtedahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Gurstad Holtedahl
Fødd8. desember 1917
Christiania
Død24. februar 2001
Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, geolog, dosent
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Hans Gurstad Holtedahl (fødd 8. desember 1917 i Oslo, død 24. februar 2001 i Bergen) var ein norsk geolog og son av Olaf Holtedahl.

Han vart cand.real. i 1948 og tok doktorgrad i 1957. Frå 1960 vart han dosent ved Universitetet i Bergen og frå 1967 professor i kvartærgeologi. I 1972 vart han den første professoren i landet i marin geologi. Han har delteke i mange maringeologiske ekspedisjonar og publisert avhandlingar om marin geologi, geomorfologi og kvartærgeologi, mellom anna Marine Geology of the Norwegian Continental Margin (1993). Han var ein pioner i utforskinga av den norske kontinentalsokkelen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Geological and petrographical investigations in the North-Western part of the Opdal quadrangle, South-Western Norway, UiBÅ, Naturvitenskapelig rk. 1949:7, Bergen 1950
  • Geomorphology and quaternary geology of the Opdal-Sunndal area, South-Western Norway, UiBÅ, Naturvitenskapelig rk., 1949:2, Bergen 1950
  • On the Norwegian continental terrace, primarily outside Møre-Romsdal. Its geomorphology and sediments. With contributions on the quaternarty geology of the adjacent land and on the bottom deposits of the Norwegian Sea, dr.avh., UiBÅ, Naturvitenskapelig rk. 1955:14, Bergen
  • The geology of the Hardangerfjord, West Norway, Bulletin Noregs geologiske undersøking nr. 323, Trondheim 1975
  • Marine geology of the Norwegian continental margin, Special publication Norges geologiske undersøkelse 6, Trondheim 1993

Kjelder[endre | endre wikiteksten]