Hans Holmboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Holmboe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. oktober 1798
Død

23. mai 1868 (69 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Far Jens Holmboe
Hans Holmboe på Commons

Hans Holmboe (8. oktober 179823. mai 1868) var ein norsk skulemann og politikar. Han var rektor ved Bergen Katedralskule, og stortingsrepresentant i perioden 1833-1864. Holmboe er spesielt kjent for sitt samarbeid med Henrik Wergeland mot den sokalla jødeparagrafen i den norske grunnlova. Som tingmann høyrde Holmboe fyrst til opposisjonen, men inntok litt etter litt eit meir moderat standpunkt og vart i si siste tid rekna som ei av regjeringa sine mest trufaste støttarar.Som medlem og formann i Stortinget sin kyrkjekommisjon hadde han stor innflytelse på det norske skulevesenet. Han gav ut fleire småskrifter og ei mengd avisartiklar om pedagogiske spørsmål.

Holmboe vart blind i 1850, men vart likevel oppmoda om å halde fram i stillinga som rektor ved skulen. Som tilsett ved skulen underviste Holmboe mellom anna den norske pedagogen og skribenten Nordahl Rolfsen, som har skrive ein tekst Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine. om Holmboe sine siste dagar som rektor.

Holmboe vart fødd i ErvikTrondenes i Troms i 1798, og var son av Jens Holmboe og Anna Margrethe Irgens. Han gifta seg med Welgjerd Endriette Løberg den 24. desember 1825.

Hans Holmboe døydde 23. mai på Sande i Vestfold, 69 år gammal. Han har i ettertid fått Hans Holmboes gateNygårdshøgda i Bergen oppkalla etter seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]