Hans J. Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Jonas Henriksen (samisk: Heandarat-Hánsa) (28. oktober 19034. september 1977) frå Båteng i Tana kommune var ein samisk språkforkjempar og pådrivar for samisk organisasjonsarbeid.

Henriksen voks opp i eit samisk miljø i Tana, og snakka samisk flytande. Av den grunn jobba han i åra 1929 - 1956 som "språkmeister" for professor Konrad Nielsen, som heldt på med det som skulle bli fembindsverket Lappisk ordbok. Verket hadde mykje å seia for samane sin identitet, særleg ettersom norsk politikk overfor samane var prega av assimilering heilt fram til 1960-talet.

Henriksen var òg medarbeidar i ei faggruppe som utarbeidde ei ny samisk rettskriving. Tilråinga frå denne gruppa vart godkjent som felles nordsamisk rettskriving for Noreg og Sverige i 1948, og vert i daglegtale kalla Bergsland-Ruong skrivemåten. Denne vart brukt på skulen heilt fram til 1980-åra.

Verv[endre | endre wikiteksten]

Frå 50-talet og oppover var Henriksen engasjert for samane sine rettar på mange område. I 1953 vart han tilsett som administrativ leiar av det nyoppretta Samisk Råd for Finnmark. Henriksen arbeidde her til 1964, då han vart utnemnt til administrativ leiar for Norsk sameråd og beheldt stillinga fram til 1971.

3 år etter skipinga av Samisk Råd for Finnmark, i 1956, vart Nordisk sameråd skipa på ein konferanse i Karasjok. Henriksen var ein av møteleiarane under skipinga, og leia den norske fløyen av rådet i periodar. Nordisk sameråd arbeidde med spørsmål som samisk skule, undervisning, kultur, sosiale forhold og livsnæringane åt samane. Same året var Henriksen med på å starta det norsk- og samiskspråklege bladet Ságat saman med m.a. Thor Frette. I periodane fram til 1958 - 64 og 1966 - 67 var Henriksen redaktør for Ságat. Elles heldt han føredrag om samiske emne og skreiv mykje i blad og aviser.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1974 fekk Henriksen både Kongens fortenestmedalje i gull og Norsk kulturråds ærespris for arbeidet sitt. Året etter vart han i tillegg statsstipendiat. Hans Jonas Henriksen døydde i Oslo i 1977.

Omsetjingar av Hans J. Henriksen[endre | endre wikiteksten]

  • Luther ucca kátekismusaš (Luthers vesle katekisme), 1957
  • A. Amundsen: Mån åi'dnen su mánnán. Biibalhistor'ja (Eg såg han som barn), 1959
  • A. Prøysen: Sáppán-lávla (Musevisa), 1963
  • Låkkangirj'ji sámi-ja dárogillii (Samisk-norsk lesebok), bd. 1, 1965
  • Ellen G. White: Luoddat Kristusa guv'lui (Vegen til Kristus), 1975


Kjelder[endre | endre wikiteksten]