Hans Jacob Grøgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Jacob Grøgaard. Litografi etter måleri av Hans Leganger Reusch.

Hans Jacob Grøgaard (5. april 176422. mars 1836) var ein prest, forfattar og stortingsmann. Han hadde særleg innverknad på norsk kultur gjennom sine skulebøker.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Grøgaard var fødd i Hof i Solør. Då han var tre år gammal flytta familien til Bergen, der faren var klokkar ved St. Jørgens hospital og leksehøyrar ved katedralskulen. Grøgaard vart utdanna på skulen der faren hans var leksehøyrar, student frå 1781. Teologisk eksamen avla han i 1784. Deretter var han huslærar hos presten i Skjold og i 1786 kapellan på same staden. Åra 1787-89 styrte han embetet der, før han så vart personleg kapellan i Skudesnes 1789-95.

Etter eit opphald i København vart Grøgaard utnemnd til residerande kapellan i Øyestad, 1800-10 også forlikskommissær. Forlikskommisjonen handsama i desse åra 3705 saker, av desse enda 2622 med forlik. I Øyestad ivra han elles sterkt for folkeopplysning. I 1811 vart han sokneprest i Vestre Moland. Han vart verande i kyrkjelyden i elleve år, og skreiv då ei lesebok som lenge vart brukt i skulen. År 1822 vart han sokneprest i Nykirken sokn i heimbyen i Bergen. Dette embetet hadde han til han døydde der. Som preikar var han avhalden for sin hjartevarme og si djupte. Eit ettermæle omtala han som «Vittig, skarpsindig, kunnskapsrik, behagelig i omgang».

Grøgaard vart vald som 2. utsending frå Nedenes amt til riksforsamlinga i 1814. Han reiste til Eidsvoll i fylgje med Jacob Aall og Alexander Møller. På Eidsvoll budde han i lag med meningsfellen Jacob Aall, det framgår av dagbøkene deira at dei utveksla synspunkt og erfaringar. Av mistillit til Kristian Fredrik slutta Grøgaard seg til unionspartiet. På Eidsvoll var Grøgaard ein av dei beste talarane, han var frykta for sin kvasse ordkunst og skarpe kritikk. Men han deltok lite i debattane. Til stortinget 1815-16 var han 1. varamann.

År 1815 gav Grøgaard ut ei ABC-bok. Denne kom ut i ti opplag. Året etter kom Læsebog for Børn, ei lesebok som særleg var mynta på skuleborn i omgangsskulen. Leseboka var langt på veg ei bibelsoge, restinnhaldet dreia seg mest om kyrkjesoge og verdssoge. Ho kom ut i 13 opplag fram til 1848. Ein omarbeidd versjon av 'Grøgårdsboka' kom i ytterlegare sju opplag, det siste i 1869.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • ABC af H. J. Grøgaard, Sogneprest til Vestremoland, Christiansand, trykt hos H. Th. Bachruds Enke,1815
  • Læsebog for Børn, 1816

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]