Hans Jenssen Krog
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Jenssen Krog (27. desember 1808–22. februar 1897) var ein prest og stortingsmann frå Stavanger. Amtmann Wilhelm Krog var far hans.
Krog vart student i 1826 og cand. theol. i 1832. Han vart så personellkapellan hos prosten i Stavanger og timelærar på latinskulen i byen. Deretter var han residerande kapellan i Norderhov frå 1841 til -50. Han tok i 1850 i Fana til i sitt einaste sokneprestembete, eit embete han styrte i 39 år. Også i lang tid, 1854-91, medlem av forlikskommisjonen i Fana.
Krog var 4. representant frå Søndre Bergenhus amt 1859-60, 1862-63 og på omframstortinget 1864. I 1859-60 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1862-63 av protokollkomiteen.
[endre] Kjelde
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914