Hans Jonas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Jonas

Fødd10. mai 1903
Mönchengladbach
Død5. februar 1993
New York by
NasjonalitetTyskland
Områdevestlig filosofi
Yrkefilosof, universitetslærar, miljøvernar
InstitusjonarPrinceton University
Columbia University
Ludwig-Maximilians-Universität München
University of Chicago
Carleton University
Alma materPhilipps-Universität Marburg
Universitetet i Heidelberg
Humboldt-Universität zu Berlin
Albert-Ludwigs-Universität
DoktorgradsrettleiarMartin Heidegger
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Hans Jonas (10. mai 19035. februar 1993) var ein tysk-amerikansk jødisk filosof og etikar. Han har påverka miljø-filosofar som Murray Bookchin.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Mozartstraße 9, der Hans Jonas voks opp.
Snublestein for mora til Hans Jonas, Rosa, som blei drepen i Auschwitz.

Jonas vart fødd i Mönchengladbach der far hans åtte ein tekstilfabrikk.[1] Mora var dotter til den øvste rabbinaren i Krefeld. Jonas studerte filosofi og teologi i Freiburg, Berlin, Heidelberg, og fekk til slutt doktorgrad ved Marburg der han studerte under Martin Heidegger og Rudolf Bultmann. I Marburg trefte han Hannah Arendt som også var doktorand der, og dei to blei vennar for livet.

I 1933 blei Heidegger medlem av det tyske nazistpartiet, noko Jonas tok som eit personleg svik. Han forlét Tyskland det same året då Det Tyske Blindelaget viste bort alle dei jødiske medlemmene sine. Han drog til England og derifrå til Palestina i 1934. Der trefte han Lore Weiner, som han blei trulova med. I 1940 kom han tilbake til Europa for å bli med i den britiske hæren, som hadde laga ein spesiell brigade for tyske jødar som ville slåst mot Hitler. Han blei send til Italia, men han fann likevel tid til å skriva fleire brev til Lore som inneheldt ei blanding av filosofi og kjærleik. Dei to gifta seg i 1943.

Etter krigen drog han tilbake til Mönchengladbach for å leita etter mor si, men fann ut at ho hadde blitt send til gaskammera i Auschwitz. Han drog tilbake til Palestina og deltok i Israel sin krig mot dei arabiske statane i 1948. I 1950 reiste han til Canada og i 1955 til New York, der han budde resten av livet. Han døydde i New York den 5. februar 1993.

Lære[endre | endre wikiteksten]

Jonas meinte at den moderne «teknologiske alderen» hadde skapa ei krise i den vestlege verda. Teknologi gjev mennesket meir makt «over materie, over alt som lever på jorda, og over mennesket sjølv.» Slik makt gjer oss meir fridom. Men me har brukt fridommen utan ansvar eller verdikjensle. Kvar av oss veit at gjerningene våre vil føra til veldig mange problem for menneske i framtida, til og med for andre folk i notida. Men dei fleste av oss driv på med slik framferd likevel, som om ingen andre og ingenting har «verd i seg sjølv». Det er, sa han, som om me som bur i den teknologiske alderen har spurd «Kvifor må me bry oss om framtida til dei fjerne etterkomarane våre, eller framtida til jorda vår?» og svara «Me har ingen grunn til å bry oss, iallfall ikkje grunn nok til å minska bruken av makta me har.»

Jonas hevda at det viste at tildriven som lét oss bruka teknologi utan å tenka på følgjene og tildriven som fekk vanlege folk til å bli nazistar var den same. Etikkane som til då hadde funnest hadde ikkje rekna med dei nye maktene menneske hadde no, og kunne ikkje regulere denne tildriven. Det var nødvendig å skapa ein ny etikk som kunne takla eit slikt problem. «Tidleg etikk trengde ikkje å tenka på den globale tilstanden eller den fjerne framtida og tilværet til mennesket,» sa Jonas, «men no er det veldig viktig.»

I sitt best kjente verk Das Prinzip Verantwortung (norsk «prinsippet ansvar») frå 1979 skapte Jonas denne etikken med hjelp av filosofi. Han tok Immanuel Kant sine kategoriske imperativ og skapa nye imperativ frå dei: «Handle slik at gjerningane dine samsvarar med det varige og ekte menneskelege livet», og «ikkje skad vilkåra som trengst for at mennesket kan vera til på jorda.» Dei siste åra av livet sitt søkte Jonas også til teologi for å skapa grunnar for etikken sin.

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Teknikk, medisin og etikk : ansvarsprinsippet i praksis. 1997 (først utgjeven på tysk i 1985)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Munzinger-Archiv om Hans Jonas (tysk)