Hans Konrad Foosnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Konrad Foosnaes
Foto: Ludwik Szacinski

Hans Konrad Henriksson Foosnæs (2. februar 184629. juli 1917) var ein norsk gardbrukar, skulemann og Venstre-politikar. Han var ein sentral politikar i tiåra før og etter 1900, i eigenskap av å vere folkehøgskulestyrar, bondeførar, skyttarleiar og stortingsrepresentant. Foosnæs var landbruksminister 1908-10. Han var ein inspirerande talar som kunne vere ironisk når han var forarga, men som var elskverdig av person og talte varmt for dei sakene han brann for.[1] På hans eldre dagar oppstod ei persondyrking som kunne minne om kultdyrkinga av Bjørnstjerne Bjørnson.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Foosnæs vart fødd inn eit storbondemiljø på Årgård i Namdalseid kommune i Nord-Trøndelag. Tomas Olsson Fosnes var farfar hans, og Hans Barlien morfar hans. Same året som han vart fødd flytta Foosnæs med familien til slektsgarden Fosnes i Beitstad i dagens Steinkjer kommune.

Yrke[endre | endre wikiteksten]

Foosnæs fekk si første utdanning på fastskulen i Beitstad. Sidan var han elev i det første kullet ved Sagatun FolkehøyskoleHamar 1864-66. Deretter fekk han privatundervisning i Christiania vinteren 1866-67, vinteren etterpå hadde opphald ved to folkehøgskular i Danmark. Ved den eine skulen, i Roskilde, vart han kjend med Lars M. Bentsen og dei to bestemte seg for å opprette ein folkehøgskule i Trøndelag.

Foosnæs var 1872-76 styrar ved den første folkehøgskulen nordafjells, halden på Re i Stjørdal. I 1876 tok Foosnæs over farsgarden i Beitstad. Åra 1876-79 dreiv han ein ny folkehøgskule som vekselvis hadde tilhald i Vefsn, Overhalla, Grong, Stod, Inderøy og Beitstad. Attåt yrket som gardbrukar hadde han ei rekke interesser innan næringslivet i heimfylket. Mellom anna grunnla han Indtrøndelagens Dampbaadsamlag, og var stor skog- og sagbrukseigar, styreformann ved Mære landbruksskole 1894-1908, formann i amtsskulestyret, mangeårig medlem av representantskapet og av styret i Norges Brannkasse og styreformann i Beitstaden Sparebank 1873-89. Foosnæs var forlikskommissær 1878-1908 og amtsrevisor 1881-1908.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Foosnæs var aktiv både lokal- og rikspolitisk for Venstre. Han var medlem av Beitstad heradsstyre frå 1878, ordførar 1880-1910 og 1914-16.[2] Frå 1876 var han valmann til og med 1903, då ordninga vart fjerna. Han vart i 1882 vald til stortingsmann frå Nordre Trondhjems amt og hadde sete på Stortinget 1883-85, 1889-1900 og 1903-06. I den fyrste perioden på tinget var han medlem av militærkomiteen. Foosnæs interesserte seg i særleg gard for landbrukspolitikk og jarnbanepolitikk. 1889-1900 og 1903-06 var han såleis medlem i landbrukskomiteen. Han var formann 1892-94 og 1898-1900, to periodar der Venstre hadde fleirtal i tinget. Elles var han medlem av Lagtinget 1892-1900 og av valkomiteen 1894-1900 samt 1903-05.

Foosnæs var republikanar og motstandar av unionen med Sverige. Han var med på å grunnlegge det frivillige skyttarvesenet i 1882, ei motvekt til den kongekontrollerte hæren. Under statsrådssaka og riksrettssaka i 1884 var Foosnæs formann i Skyttersamlagenes fellesstyre.[1] Han var også formann i Indtrøndelagens og Namdalens folkevæbningssamlag frå 1881. Ved unionsoppløysinga i 1905 var Foosnæs medlem av Stortinget sin spesialkomité. Han var motstandar av Karlstadforliket, oppteteken av samane sine rettar i grenseområda og motstandar av desarmeringa av grensefestningane.[1] Frå Stortingets talarstol sa han at ein lett kunne ha møtt svenskane med 100 000 mann, ei påminning om skyttarrørsla.[1] Då Noregs statsform vart eit aktuelt spørsmål, heldt Foosnæs fast på republikken, men ved kroninga av kong Haakon VII og dronning Maud i Trondhjem i 1906 var han medlem av Stortingets deputasjon.[1]

Foosnæs var statsråd i Landbruksdepartementet i Gunnar Knudsens første regjering frå 19. mars 1908 til 1. februar 1910. Foosnæs viktigaste landvinning som landbruksminister var truleg lova som gav kommunane forkjøpsrett til skogeigedomar.[1]

Foosnæs var også medlem av den parlamentariske landbrukskommisjonen 1895-1902, formann dei to siste åra. Vidare var han medlem av lappekommisjonane av 1889, 1892 og 1897. Seinare, 1902-08, var han formann i Finnmarkens jordsalskommisjon, og til sist medlem av fjellbeitekomiteen av 1912.

Foosnæs var gift med syster til Johannes Bragstad. Han døydde i Beitstad i 1917. På dødsleiet mottok han eit telegram frå eit bondestemne på Stiklestad som hylla han som «de norske bønders Tord Foleson».[1]

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Foosnæs vart tildelt 7. juni-medaljen og Kroningsmedaljen 1906. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1901, og fekk kommandørkorset av 1. klasse av same orden i 1910.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Norsk Biografisk Leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hans Konrad Foosnæs