Hans Leu den eldre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Felix og Regula

Hans Leu den eldre var ein kunstmålar i Zürich. Han var rimelegvis fødd kringom 1460 og døydde i 1507.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Hans Leu var truleg fødd i Baden i Sveits. Etter faren døydde i 1488, kom han til Zürich, der mor hans var fødd. Sannsynlegvis gjekk hans sine læreår i Basel og Konstanz. I 1489 er han nemnd i bygnings-rekneskapane for kyrkja Grossmünster i Zürich, og i 1492 er han for første gong nemnd som borgar av byen. I dei følgjande åra måla han i klosteret Fraumünster. År 1504 fekk av byen i oppdrag å utsmykke festplassen til byfesten. Sonen Hans Leu den yngre tok over faren sin verkstad.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Leus mest kjende arbeid er dei fem altartavlene, som han for måla til Zwölfbotenkapelle i Grossmünster. Desse vart redda frå biletstorminga seinare på 1500-talet. Dei vert i dag oppbevart i det sveitsiske nasjonalmuseet.

Mellom 1497 og 1501 vart grava til byhelgenane Felix og Regula i Grossmünster ombygd. Leu fekk oppgåva med å måle biletet av martyrane; Felix, Regula og Exuperantius. Etter reformasjonen, rundt 1566, vart panela i den nedre delen overmåla med panorama over byen. 1936-37 vart bileta av dei heilage delvis avdekte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hans Leu den eldre