Hans Mo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Mo
Fødd 2. mai 1835
Død

11. juli 1920 (85 år)

Yrke skribent

Hans Mattias Andersson Mo (2. mai 183511. juli 1920) var ein norsk lærar og forfattar frå Ørsta. Han var den første ørstingen som tok i bruk landsmålet etter Ivar Aasen. Mo arbeidde heile sitt vaksne liv som lærar i Bergen, men barndomsbygda Ørsta var jamt i tankane: «I all denne Sveim og framande Eim, eg gløymer då aldri min Barnaheim». Han var far til Ragnvald Moe.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Foreldra hans var gardbrukarar på eit av bruka på den mangbølte garden Mo. 14 år gammal bar det ut i teneste for Hans Mo, på eit av bruka på garden Rebbestad, ei 6-7 km frå heimen. Året etter fekk han arbeid som krambudreng hos kjøpmann Knud Olsen i Ålesund. Der arbeidde han fram til 1856, dei tre neste åra var han lærar i Follestaddalen i Ørsta. Mo hadde då inga utdanning som skulle tilseie at han kunne vere lærar, så han må hatt godt «gjetord for både kunnskap og framferd», skriv Reidar Djupedal.

Skuleåret 1859-60 gjekk Mo på Stord seminar. Han var så lærar ved folkeskular i Bergen i over 54 år. Fyrst var han fire år hjelpelærar ved Christi Krybbes skule, deretter fast tilsett lærar på Stølen skule i fjorten år, og sist 36 år ved Krohnengen skule. Han underviste i norsk, song og sløyd.

I Bergen var Hans Mo aktiv på ei rekkje område. Han var med og skipa Vestmannalaget, han skreiv dikt, forteljingar, spelstykke og lærebøker, han komponerte, dirigerte kor, og han var ein mykje nytta talar. Sitt fyrste dikt fekk han på prent i 1858, «Norges Sommer». Dette og andre dikt skreiv han på stivt riksmål. Kring 1863 tok han til å skrive på landsmål. Hans fyrste dikt på landsmål er «Dei fyrsta Haustdagarne», som stod på trykk i Bergensposten 13. september 1863. Diktsamling kom ut 1874 med 37 dikt. Åra 1876-78 var han formann i Vestmannalaget og samstundes styrar av tidsskriftet Fraa By og Bygd.

I 1986 gav Ørsta Mållag ut Ei bok om Hans Mo. Forfattarar var Terje Aarset og Reidar Djupedal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Terje Aarset og Reidar Djupedal:Ei bok om Hans Mo, 1986