Hans N. Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Nielsen Hauge (3. november 185317. desember 1931) var ein norsk prest og politikar for Høgre. Han var fødd i Nord-Audnedal, Andreas Hauge var far hans, Hans Nielsen Hauge farfaren.

Hauge vart student frå Skiens skole i 1872 og cand. theol. i 1877. Han var personalkapellan i Skien 1879-81 og sjømannsprest i South Shields i Storbritannia 1881-86. Frå 1887 var han sokneprest i Brevik, deretter i Eidanger 1903-05 og frå 1905 i Skien. Han var medlem av forlikskommisjonen både i Brevik og i Eidanger. Frå 1910 var han medlem av bystyret i Skien.

Hauge representerte BrevikStortinget i to periodar, frå 1894 til 1900, heile tida var han medlem av kyrkjekomiteen.

Hauge var statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i den andre Hagerup-regjeringa frå 22. oktober 1903 til 11. mars 1905. I hans statsrådstid kom den såkalla professorsaka til handsaming i regjeringa. Eit professorat i systematisk teologi ved universitetet stod ledig, og ortodokse kyrkjefolk mobiliserte mot at Johannes Ording med sin moderne teologi skulle utnemnast. Hauge lytta til dei ortodokse, og skal på eit tidspunkt ha sett stillinga si inn på at Ording ikkje vart utnemnd. Saka kom ikkje til endeleg avgjerd før regjeringa hadde gått av. Hauge var likevel ikkje med mellom underskrivarane då det i 1907 vart bode inn til skiping av Menighetsfakultetet, eit motsvar på at Ording vart professor ved universitetet.

Hauge vart i 1904 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han var også kommandør av Dannebrogordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Molland, Einar:Norges Kirkehistorie i det 19. århundre, bind II. 1979

Lenke[endre | endre wikiteksten]