Hans Olav Sørensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Olav Sørensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. november 1942 (81 år)
Selbu kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1964

Hans Olav Sørensen (fødd 16. november 1942) i Selbu) er ein norsk tidlegare skihoppar som var medlem av IL Mebonden.

Han slo gjennom i 1964-sesongen. I den tysk-austerrikske hoppveka 1963/64 kom han på 5. plass i Oberstdorf, og vart nummer 10 samanlagt. I Vinter-OL 1964 vart han nummer 8 i normalbakken. Seinare i sesongen vann han bronsemedaljen under noregsmeisterskapen på Voss, siste året det vart tevla i ein bakke i NM.

I NM 1966 tok han sølvmedalje i storbakken og bronsemedalje i normalbakken i 1966, begge på Rena. Bjørn Wirkola var klar vinnar i begge renna, Sørensen kom 0,1 poeng bak Toralf Engan i normalbakken. Tidlegare i sesongen kom han på sjuandeplass samanlagt i den tysk-austerrikske hoppveka. Han fekk plass i den norske troppen til ski-VM i Oslo, der han vart nummer 26 i storbakken.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar