Hans Olav Tungesvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Olav Tungesvik (fødd 22. mai 1936) var stortingsrepresentant for Hordaland for Kristeleg Folkeparti i perioden 19771985. Han sat òg som leiar i Noregs Mållag frå 1965 til 1970 og formann i Folkeaksjonen mot sjølvvald abort frå 1974 til 1975. Dagleg leiar av Frihamn psykiatriske senter i Skånevik. På 1970-talet hadde han radioprogrammet Eit kvarter med legen.

Hans Olav Tungesvik er far til senterpartisten Steinulf Tungesvik, som hadde leiarvervet i Mållaget ein periode i 2005, nøyaktig 40 år etter at faren inntok den same stillinga.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.