Hans Petter Lundgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Petter Lundgaard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1935 (88 år)
Yrke dommar
Verv Forbrukarombodet
Periode 1981 (1976)-1986
Føregangar Inger Louise Valle
Etterfylgjar Kjersti Graver

Hans Petter Lundgaard (fødd 15. mai 1935 i Oslo) er ein norsk jurist, mest kjend som Forbrukarombod.

Etter juridikum var han først tilsett som universitetslektor ved Universitetet i Oslo frå 1963. I 1971 tok han over som leiar for Forsikringsklagekontoret. I 1973 vart Forbrukarombodet oppretta. Inger Louise Valle vart tilsett som det første Forbrukarombodet. Medan ho var statsråd i regjeringa Nordli frå 1976 til 1980, og deretter Stortingsrepresentant til 1981, var Lundgaard fungerande Forbrukarombod. Valle sa frå seg stillinga i 1981, og Lundgaard fekk deretter den ledige stillinga på permanent basis. I 1986 vart han utnemnd til lagdommar i Eidsivating lagmannsrett, som seinare skifta namn til Borgarting lagmannsrett. Han gjekk av for aldersgrensa i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]