Hans Rasmus Astrup (1939)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hans Rasmus Astrup (fødd 23. mars 1939 i Oslo) er ein norsk skipsmeklar og kunstsamlar.

Han er utdanna jurist, og er son av skipsreiaren Nils Ebbesøn Astrup. Då faren døydde i 1972 overtok han som fjerde generasjon, leiinga av skipsmeklarfirmaet Fearnley & Egers Befragtningsforretning A/S, frå 1980 Fearnleys A/S. Seinare vart det oppretta eit holdingselskap, som no er kjent som Astrup Fearnley, der Astrup er eineeigar og styreformann, og der alle forretningsverksemdene til firmaet er inkorporerte som heleigde dotterselskap.

For eit større publikum er han mest kjend for å ha oppretta Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst [sic] i Oslo, som vart grunnlagt i 1989 og opna i 1993. Det var i midten av 1980-åra, i samband med bygginga av eit nytt, stort kontorbygg ved Grev Wedels plass i Oslo, at ideen om å opprette eit museum for moderne kunst med utgangspunkt i den store kunstsamlinga hans voks fram. Som styreformann for museet har han gjort det til eit vitalt senter for moderne kunst i hovudstaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]