Hans Sande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Sande (fødd 20. desember 1946) i Bergen) er ein norsk forfattar. Han er utdanna lege med psykiatri som spesialfelt. Han debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime, som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Hans Sande har skrive 40 bøker, både romanar, diktsamlinger og ei rad bøker for barn og ungdom, som oftast på nynorsk. Hans Sande har motteke fleire prisar for bøkene sine og er omsett til fleire språk. Som biletkunstnar har han illustrert fleire av barnebøkene sine. I 2007 kom han med på Vestlandsutstillinga med fotografiet "Snøliv", og same år synte han to skulpturutstillingar: "Brest i bringo", torsoar i tre og metall, Galleri Giga, Leirvik. "Kjælne kjevler og tomme hender", treskulpturar, Galleri G Guddal, Rosendal. Det siste er eit surrealistisk prosjekt i grenselandet mellom kunsthandverk og skjønnlitteratur[treng kjelde], og skal synast på Norsk Skogmuseum i 2008.

I 2011 gav han saman med illustratøren Silje Granhaug ut biletboka Pappa er sjørøvar. Boka handlar om Tuva og far hennar, som røvar ein sjø i Finland og køyrer vatnet til ein flyktningleir i Palestina.[1] Den israelske ambassaden i Oslo sende klagebrev til Utanriksdepartementet om boka.[2] Sidan sende ambassadøren også klagebrev til kulturministeren.[3]

Hans Sande bur i Førde i Sunnfjord.

Innhaldsliste

[endre] Bøker for vaksne

  • Strime Dikt (1969)
  • Lebensraum Roman (1980)
  • Blåkvalens apostel Roman (1990)
  • Det hjertet som vi har. Som og er kjøtt Roman (1992)
  • Tigeren talar tydeleg Dikt (1993)
  • Hjernegråt Roman (1997)
  • Sprekk Roman (2001)
  • Hundar i mørkret Noveller (2003)
  • Smygar Noveller (2004)
  • Svart kalv@kvit snø Roman 2006
  • Gjer deg mjuk. Smyg deg inn Dikt 2007
  • Kjælne kjevler og tomme hender 2008
  • Slepe rundt på døde dyr 2009

[endre] Bøker for barn og ungdom

[endre] Dramatikk

  • Hyttekoz 2009

[endre] Prisar (utval)

[endre] Referansar

  1. Linn T. Sunne (11. juni 2011). HANS SANDE og SILJE GRANHAUG: Pappa er sjørøvar. Oppland Arbeiderblad.
  2. Barnebok får den israelske ambassaden til å sjå raudt. nrk.no (22. september 2011).
  3. Israel raser over støtte til bok. nrk.no (3. desember 2011).

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk