Hans Sandreuter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Sandreuter

Sjølvportrett, 1900
Statsborgarskap Sveits
Fødd 11. mai 1850
Basel
Død

1. juni 1901 (51 år)
Riehen

Yrke kunstmålar
Hans Sandreuter på Commons

Hans Sandreuter (11. mai 18501. juni 1901) var ein sveitsisk kunstmålar innanfor symbolistisk og fin de siècle-påverka kunst. Han var frå Basel.

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Kveld, 1900

Etter å ha gått vidaregåande skule i Basel, begynte Sandreuter år 1867 læretid som litograf. Han arbeidde ein periode i Nürnberg og så i Verona som litograf, studerte i seks månader i 1872 med Achille Carrillo før han reiste tilbake til Basel. I 1873 gjekk han på ein privat kunstskule i München der han vart kjend med Arnold Böcklin. Gjennom forbøn frå Böcklin med Wilhelm von Kaulbach fekk Sandreuter delta på kveldskurs i teikning ved kunstakademiet i München.

I 1874 reiste Sandreuter til Böcklin i Firenze. Då han vart sjuk eit år seinare, tok Böcklin han inn i huset sitt. Frå 1877 til -80 budde Sandreuter i Paris, flytta så til Firenze i 1882 og reiste to år seinare vidare til eit atelier i Basel. Han fekk mange oppdrag på veggmåleri og sgraffito i, eller på, offentlege bygningar. Til dømes restaurerte og innreidde han rom i klosteret i Stein am Rhein. I 1897 reiste han til Firenze og Böcklin, for å planlegge ei utstilling av Böcklin-verk. Den 19. september same året opna utstillinga med Böcklin-kunst i Kunsthalle Basel. År 1899 vart Sandreuter sjuk av diabetes og døydde to år seinare i heimen sin i Riehen.

Sandreuter var Böcklins næraste elev. Enkelte kritikarar klaga han i hans levetid for å vere ein Böcklin-etterliknar. Han var ein forgjengar til fin-de-siècle-kunsten og var som kunstmålar først og fremst kjent i Sveits. Sandreuters samla verk viser stor variasjon. I tillegg til olje- og akvarellmåleri skapte han monumental, dekorativ kunst. Han har designa både grafiske arbeid, farga glas og møblar. Nokre av dei fasadane og veggdekorasjonane han teikna er framleis tilgjengelege, til dømes fasaden hos «Bjørnelauget» og veggarbeida til «Smedelauget» i Altbasel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hans Sandreuter