Hans Severin Arentz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Severin Arentz

Fødd15. november 1806
Død13. februar 1875 (68 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1842–1844)
  • vararepresentant til Stortinget (1857–1858)
  • stortingsrepresentant (1859–1861)
  • vararepresentant til Stortinget (1851–1853)
  • ordførar i Skien (1840–1842)
  • ordførar i Skien (1845–1847)
  • ordførar i Skien (1848–1850)
  • ordførar i Skien (1851–1860)
  • ordførar i Skien (1861–1867)
  • ordførar i Skien (1873–1876) Sjå dette på Wikidata

Hans Severin Arentz (15. november 180613. februar 1875) var ein adjunkt ved den lærde skulen i Skien, Skiens borgarmeister i fleire periodar og stortingsmann.

Arentz var fødd i Farsund. Han vart student i 1825, og var frå 1829 adjunkt ved den lærde skulen i Skien. Skuleåret 1851-52 var han rektor ved skulen. Arentz var ordførar i Skien det meste av tida mellom 1838 og 1867.

Stortinget 1842 representerte Arentz valkrinsen Skien og Porsgrunn. Han var då sekretær i bankkomiteen. Arentz representerte Skien då han møtte på Stortinget i 1858 som suppleant for avdøde stortingsrepresentant Hother Bøttger. Han vart vald til 2. representant for Skien til Stortinget 1859-60. I 1858 var han medlem av bankkomiteen, 1859-60 var han formann i desisjonskomiteen.

Grunna sjukdom tok Arentz tidleg i 1866 avskjed med stillinga som adjunkt ved den lærde skulen, og som ordførar i 1867. Då helsa betra seg tok han på ny sete i kommunestyret og fungerte som ordførar like til han døydde i 1875.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Om Funktionen Γm, især med Hensyn til dens numeriske Evaluation. 36 pp. Christiania 1850. [Særtrykk av Skoleprogram for 1850.]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]