Hans Sivert Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Sivert Jacobsen (13. august 183628. juni 1901) var ein kjøpmann og stortingsmann frå Hidra i Vest-Agder. På tinget representerte han Venstre.

Jacobsen var son til ein gardbrukar. Åra 1852-56 var han handelsdreng i Flekkefjord, åra 1856-58 gjekk han handelsskule i Drammen. Deretter arbeidde han hos ein kjøpmann i Drammen i fire år, frå 1863 dreiv han eigen handel i Flekkefjord,

Jacobsen var medlem av bystyret i Flekkefjord frå 1869, ordførar var han 1888-89. Han var sparebankdirektør 1873-81 og frå 1891. Periodane 1880-82 og 1883-85 var han Flekkefjord sin varamann til Stortinget. Valbolken 1898-1900 var han byen sin representant på tinget, der han var medlem av Lagtinget og av gasje- og pensjonskomiteen.

Sommaren 1901 døydde han i Nes ved Flekkefjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]