Hans Skutle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Skutle
Fødd 5. juli 1821
Død

16. februar 1893 (71 år)

Yrke musikar

Hans Jakobsson Skutle (5. juli 182116. februar 1893)[1][2] var ein norsk spelemann og gardbrukar frå Hordaland.

Hans var frå garden Selland i Granvin i Hardanger og voks opp der. Han fekk si opplæring av lokale spelemenn i Granvin, mellom dei Eirik Medås og Otte Haukanes. Hans var elles ein av dei faste læregutane til Nils Rekve, og kom til å føre vidare mykje spel etter han.

I 1852 gifta han seg til eit av gardbruka på Skutle i Voss. Ved sidan av spelet dreiv han garden og livnærte seg òg som skreddar.

Hans vart med tida ein viktig tradisjonsberar i Hardanger og Voss, som kunne ha eit kritisk blikk jamvel til Ola Mosafinn, især når Mosafinn brigda for mykje på det gamle spelet.

I Hardanger er Hans Skutle rekna som opphav til ein heil slåttetradisjon. Mellom dei som tok opp arven etter han var Lars Istad og Severin Kjerland. Han lærde òg bort mange slåttar til Ola Mosafinn. Gjennom Severin Kjerland gjekk mykje av dette spelet i arv til Anders S. Kjerland, son av Severin. Korleis tradisjonen etter Hans ser ut, kan sjåast under Slåttar frå Hardanger.

I Hardingfeleverket er rullane 48/62 og 53 etter Hans, tradert ved Severin Kjerland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]